Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorSlettan, Svein
dc.contributor.authorSandsmark, Lena
dc.date.accessioned2022-12-07T17:23:45Z
dc.date.available2022-12-07T17:23:45Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.uia:inspera:109993622:22962697
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3036489
dc.description.abstractOppgåva tek for seg eksistensielle prosessar i menneske, slik dei kan bli framstilte i dark fantasy. Fokuset ligg på korleis identitetsproblematikk viser seg gjennom både ein verkelegheitsnær setting, og gjennom noko overnaturleg som trenger seg inn. Forskarar på fantastikkfeltet slik som Farah Mendlesohn, Rosemary Jackson, Mark Fabrizi og Roz Kaveney har vore sentrale i det teoretiske grunnlaget for oppgåva. Eg har òg gjort bruk av psykologisk teori frå Sigmund Freud og Julia Kristeva og nokre eksistensfilosofiske omgrep frå Jean-Paul Sartre. Analysen er konsentrert rundt tre dark fantasy-bøker for unge lesarar. Her undersøker eg korleis både den realistiske settingen og det fantastiske som kjem inn, set lys på tematikken, og kva dette medfører av lærdom og utvikling for protagonisten i bøkene. Oppgåva har i tillegg fokus på posisjonen til lesaren, og korleis potensialet i det estetiske kjem i møte med læreplanen. Oppgåva stadfestar at dei utvalde bøkene tydeleg uttrykker identitetsproblematikk, både handfaste problem og meir djupe og omfattande vanskar. Eit interessant funn er korleis dei ulike bøkene har brukt fleire av dei same litterære verkemidla for å belyse tematikken, samstundes som graden av kva som ligg mellom linjene og moglegheitene lesaren har for å relatere til tematikken symbolsk er skiftande.
dc.description.abstract
dc.language
dc.publisherUniversity of Agder
dc.titleGjennom mørket til lys; Identitetsproblematikk i dark fantasy for barn og unge
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel