Elev- og nivåforskjellar i juniorkorps - Komponering og arrangering som differensieringsverktøy for dirigenten : EI UNDERSØKING AV KORLEIS TILPASSA REPERTOAR KAN HA INNVERKNAD PÅ UNDERVISNINGSPRAKSISEN I EIT JUNIORKORPS
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2563612Utgivelsesdato
2018Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I denne undersøkinga har eg undersøkt effekten ved bruk av sjølvkomponert tilpassa
noterepertoar i eit av mine juniorkorps, over ein periode på omlag 3 månadar. Dette vart gjort
med mål om å læra meir om kva for fordeler og ulemper slikt tilpassa repertoar kunne føra
med seg inn i undervisningssituasjonen. Val av tema, blei valt grunna personlege frustrasjonar
knyta til den eksisterande repertoarlitteraturen som finnast for juniorkorps, og korleis denne
litteraturen gjorde juniorkorpspraksisen utfordrande å gjennomføra.
Gjennom undersøkinga har eg prøvd ut ulike former for tilpassa repertoar, som ei form for
aksjon i aksjonsforsking. Empirisk innsamling blei gjort i tre separate syklusar, der eg på
bakgrunn av ny kunnskap etterkvart tilpassa repertoar på nye måtar, for å sjå kva for effekt
dette kunne føre med seg. Under utprøvingane av tilpassa repertoar håpte eg at ny empiri
skulle føra meg nærare eit svar på mi problemstilling:
- Korleis kan tilpassa repertoar ha påverknad på undervisningssituasjonen i eit juniorkorps?
Med ei slags pragmatisk tilnærming, har eg i tillegg til å prøva å få svar på mi problemstilling,
prøvd å sjå ein praktisk og anvendeleg verdi i empirien som vart samla inn. Korleis kunne
dette brukast, for meg?
Nøkkelord: Juniorkorps, repertoar, meistring, motivasjon, praksisfellesskap
Teoretiske omgrep: Prestasjonsmotivasjon (Atkinson), «self-efficacy» & sosialkognitiv læring
(Bandura), den proksimale utviklingssone og den medierande hjelpar (Vygotsky),
behovshierarkiet & peak experience (Maslow), situert læring (Lave & Wenger), Sosial
speglingsteori (Mead), flow (Csikzentmihalyi), kollektiv flow (Peter Bastian).
Beskrivelse
Masteroppgave kunstfag KF500 - Universitetet i Agder 2018