2010, 2011, 2012? : ein stokastisk analyse av framdriftsplanen for teater- og konserthus for Sørlandet
Master thesis
Åpne
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/138317Utgivelsesdato
2006Metadata
Vis full innførselSammendrag
Denne rapporten omhandlar begrepet usikkerheit i framdriftsplanleggjing av prosjekt.
Byggeprosjektet ”Teater- og Konserthus for Sørlandet” er eit prestisjeprosjekt som når
resultatet blir overlevert, blir ei realisering av brukarorganisasjonanes mange ynskjer og krav.
Det er store forventningar til resultatet, og prosjektleiinga blir utsett for mange påverknadar i
prosessen fram mot overlevering. Byggeigar har sikra byggeprosessen med å engasjere eit
profesjonelt firma innan prosjektleiing til å leie prosessen for seg.
Prosjektleiinga som system, er dermed utsett for store påverknadar frå omgjevnadane under
byggeprosessen.
For å kvalitetssikre byggeprosessen slik at påverknadar som vil ha innverknad på
framdriftsplanen, nyttar prosjektleiinga ein usikkerheitsprosess for å identifisere og
kvantifisere all påverknad utanfrå.
Samstundes inneheld prosjektleiinga relasjonar internt som påverkar varigheit og
avhengigheiter på aktivitetar i prosjektet.
Tradisjonell framdriftsplanleggjing som prosjektet har nytta seg av, gjørast i form av
innleggjing av hovudaktivitetar i eit Gantt diagram.
Aktivitetane blir lagt inn med anslag på varigheit og avhengigheiter mellom aktivitetane der
det er ei naudsynt rekkefølgje. TKS prosjektet har ein framdriftsansvarleg som leiar arbeidet
med dokumentering og justering av hovudframdriftsplan for prosjektet.
Framdriftsplanleggjinga skjer med støtte av sentrale aktørar i prosjektleiinga og med innspel
frå dei prosjekterande. I tillegg til at prosjektet er eit krevjande prosjekt med omsyn til
arkitektur og funksjon, er framdriftsplanleggjinga ei stor utfordring av omsyn til stor
påverknad i prosessen frå omgjevnaden.
Analysearbeidet med stokastisk analyse gjørast for å vurdere om teori rundt dette kan forbetre
framdriftsplanen slik at prosjektet proaktivt kan unngå uforutsette forseinkingar og endringar.
Stokastisk analyse skjer ved at varigheiter for aktivitetane estimerast slik at usikkerheit som er
kjent, blir inkludert i berekningane. Resultatet av stokastisk analyse er framdriftsplan som
viser sannsynlegheit for å nå visse milepælar, og anslag kor stor forseinking som kan skje på
grunn av påverknadar som kan forlenge varigheita. Samstundes er det viktig å vere klar over potensialet som ligg i stokastiske analysar ved at
usikkerheit ikkje bare er negativ, men kan også vere positiv. Stokastisk analyse avdekkjer
også usikkerheit som kan gjeve gevinst i form av mindre tidkrevjande løysingar.
Usikkerheitsanalyse er eit viktig middel for å sikre framdriftsplanleggjing.
Usikkerheitsanalyse kan vere ein del av ein større usikkerheitsprosess, som også omhandlar
planleggjing og integrering av usikkerheitsarbeidet og –resultatet i organisasjonens
støtteprosessar.
For gjennomføring av usikkerheitsanalyse viser erfaringar at gruppeanalyse er eit
kvalitetsmessig god måte å sikre gode inndata på til analysen. I gruppeanalyse utnyttast
erfaringar og kompetanse hos sentrale aktørar slik at resultatet blir betre enn bidrag frå kvar
og ein tilsammen. Samtidig er gruppeanalyse ein krevjande arbeidsform som krev erfaring og
god leiing.
Stokastiske analysar viser seg som ein god forbetring til framdriftsplanleggjing.
Beskrivelse
Masteroppgave i Industriell økonomi og informasjonsledelse, Høgskolen i Agder, Grimstad