Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSundal, Margit Vik
dc.date.accessioned2009-04-15T12:48:39Z
dc.date.issued2006
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/138317
dc.descriptionMasteroppgave i Industriell økonomi og informasjonsledelse, Høgskolen i Agder, Grimstaden
dc.description.abstractDenne rapporten omhandlar begrepet usikkerheit i framdriftsplanleggjing av prosjekt. Byggeprosjektet ”Teater- og Konserthus for Sørlandet” er eit prestisjeprosjekt som når resultatet blir overlevert, blir ei realisering av brukarorganisasjonanes mange ynskjer og krav. Det er store forventningar til resultatet, og prosjektleiinga blir utsett for mange påverknadar i prosessen fram mot overlevering. Byggeigar har sikra byggeprosessen med å engasjere eit profesjonelt firma innan prosjektleiing til å leie prosessen for seg. Prosjektleiinga som system, er dermed utsett for store påverknadar frå omgjevnadane under byggeprosessen. For å kvalitetssikre byggeprosessen slik at påverknadar som vil ha innverknad på framdriftsplanen, nyttar prosjektleiinga ein usikkerheitsprosess for å identifisere og kvantifisere all påverknad utanfrå. Samstundes inneheld prosjektleiinga relasjonar internt som påverkar varigheit og avhengigheiter på aktivitetar i prosjektet. Tradisjonell framdriftsplanleggjing som prosjektet har nytta seg av, gjørast i form av innleggjing av hovudaktivitetar i eit Gantt diagram. Aktivitetane blir lagt inn med anslag på varigheit og avhengigheiter mellom aktivitetane der det er ei naudsynt rekkefølgje. TKS prosjektet har ein framdriftsansvarleg som leiar arbeidet med dokumentering og justering av hovudframdriftsplan for prosjektet. Framdriftsplanleggjinga skjer med støtte av sentrale aktørar i prosjektleiinga og med innspel frå dei prosjekterande. I tillegg til at prosjektet er eit krevjande prosjekt med omsyn til arkitektur og funksjon, er framdriftsplanleggjinga ei stor utfordring av omsyn til stor påverknad i prosessen frå omgjevnaden. Analysearbeidet med stokastisk analyse gjørast for å vurdere om teori rundt dette kan forbetre framdriftsplanen slik at prosjektet proaktivt kan unngå uforutsette forseinkingar og endringar. Stokastisk analyse skjer ved at varigheiter for aktivitetane estimerast slik at usikkerheit som er kjent, blir inkludert i berekningane. Resultatet av stokastisk analyse er framdriftsplan som viser sannsynlegheit for å nå visse milepælar, og anslag kor stor forseinking som kan skje på grunn av påverknadar som kan forlenge varigheita. Samstundes er det viktig å vere klar over potensialet som ligg i stokastiske analysar ved at usikkerheit ikkje bare er negativ, men kan også vere positiv. Stokastisk analyse avdekkjer også usikkerheit som kan gjeve gevinst i form av mindre tidkrevjande løysingar. Usikkerheitsanalyse er eit viktig middel for å sikre framdriftsplanleggjing. Usikkerheitsanalyse kan vere ein del av ein større usikkerheitsprosess, som også omhandlar planleggjing og integrering av usikkerheitsarbeidet og –resultatet i organisasjonens støtteprosessar. For gjennomføring av usikkerheitsanalyse viser erfaringar at gruppeanalyse er eit kvalitetsmessig god måte å sikre gode inndata på til analysen. I gruppeanalyse utnyttast erfaringar og kompetanse hos sentrale aktørar slik at resultatet blir betre enn bidrag frå kvar og ein tilsammen. Samtidig er gruppeanalyse ein krevjande arbeidsform som krev erfaring og god leiing. Stokastiske analysar viser seg som ein god forbetring til framdriftsplanleggjing.en
dc.format.extent1679928 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonoren
dc.publisherHøgskolen i Agder / Agder University Collegeen
dc.subject.classificationIND590
dc.title2010, 2011, 2012? : ein stokastisk analyse av framdriftsplanen for teater- og konserthus for Sørlandeten
dc.typeMaster thesisen
dc.source.pagenumber101en


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel