Show simple item record

dc.contributor.advisorDovland, Olav G.
dc.contributor.authorRøssland, Torbjørn
dc.date.accessioned2024-07-13T16:23:32Z
dc.date.available2024-07-13T16:23:32Z
dc.date.issued2024
dc.identifierno.uia:inspera:229824902:100576665
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3140953
dc.description.abstractMed utgangspunkt i at algebra er eit problemområde for norske elevar, gjennomfører denne masteroppgåva ein kvalitativ innhaldsanalyse for å undersøkja følgjande problemstilling: • Korleis legg tre lærebøker i matematikk på 7. trinn til rette for utvikling av eleven si forståing av likningsomgrepet? For å svara på problemstillinga nyttar oppgåva desse forskingsspørsmåla: 1) Korleis nyttar lærebøkene døme, oppgåver, ordbruk og legitimeringar for å gi eleven tilgang til likningsomgrepet? 2) Korleis nyttar lærebøkene representasjonar for å fremja eleven si forståing av likningsomgrepet? I oppgåva blir likningsrelatert innhald i likningskapitla i følgjande lærebøker analysert: Matematikk 7 (Cappelen Damm), Multi 7B (Gyldendal) og Matemagisk 7B (Aschehoug). Ronda og Adler (2017) sitt MDITx-rammeverk blir nytta for å undersøkja forskingsspørsmål 1). For å undersøkja forskingsspørsmål 2) tek ein i bruk eit kategorisystem som nyttar både deduktive og induktive tilnærmingar. Kategorisystemet tar utgangspunkt i Duval (2017) si klassifisering av semiotiske register. I tillegg til det teoretiske grunnlaget i det analytiske rammeverket nyttar studien Sfard (1991) sin reifikasjonsteori som epistemologisk fundament. I teoridelen ser ein difor nærmare på korleis algebraiske forståingar har utvikla seg i eit historisk perspektiv. I tillegg trekk ein fram kjenneteikn på tradisjonell skulealgebra og utfordringar kring overgangen frå aritmetiske til algebraiske forståingar. Teori kring semiotiske representasjonar blir også gjennomgått. MDITx-analysen viste at Matematikk 7 konsekvent nytta generaliserande døme, medan Multi 7B og Matemagisk 7B hadde døme som tilførte eit større spekter av variasjon. I Matematikk 7 hadde ordbruken og oppgåvene eit relativt gjennomgåande prosedyrefokus. I Multi 7B registrerte ein at ordbruken innleiingsvis støtta opp om oppgåvene sitt forsøk på å etablera algebraiske forståingar med utgangspunkt i ein kjend aritmetisk kontekst, medan ein i dei seinare lærebokleksjonane fann oppgåver og ordbruk som fremja eit prosedyrefokus. I Matemagisk 7B var det innanfor både ordbrukkategorien og oppgåvekategorien ei jamnare fordeling mellom kategoriar som potensielt kan støtta eleven sin tilgang til likningsomgrepet. MDITx-analysen avdekka også at lærebøkene i hovudsak nytta eksemplifiseringar ved legitimering av matematiske utsegn. Analysen av representasjonar viste av Matematikk 7 og Multi 7B i stor grad nytta symbolspråket til behandlingar, og at desse lærebøkene vektla konverteringsretninga NS → S. Matemagisk 7B prioriterte konverteringsretninga S → NS, og framheva også bruk av det naturlege språket. I tillegg hadde Matemagisk 7B ein aktiv og variert bruk av overgangsrepresentasjonar, noko som førte til større variasjon i konverteringsretningar. Som pedagogiske implikasjonar av studien blir det trekt fram at det er sentralt at elevar får høve til å nytta det naturlege språket i arbeid med likningar, og at dei samtidig får innblikk i varierte representasjonar og representasjonsovergangar.
dc.description.abstract
dc.languagenob
dc.publisherUniversity of Agder
dc.titleLikningsomgrepet i lærebøker: Ein kvalitativ innhaldsanalyse som undersøkjer korleis tre lærebøker i matematikk på 7. trinn legg til rette for utvikling av eleven si forståing av likningsomgrepet
dc.typeMaster thesis


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record