Språk og Noonan syndrom
Peer reviewed, Journal article
Published version
View/ Open
Date
2024Metadata
Show full item recordCollections
Original version
Selås, Magnhild (2024). Språk og Noonan syndrom. Norsk tidsskrift for logopedi, 2, 16-22.Abstract
I denne artikkelen vil eg prøve å formidle og fylle ut bildet vi har av dei språklege ferdigheitene til menneske med Noonan syndrom (NS). Eg presenterer funna frå ei undersøking av 16 (17) barn med dette syndromet. Undersøkinga blei utført i 2013, og har resultert i to publikasjonar: Selås & Helland, 2016 og Selås, 2024. Saman med funna frå dei to nemnte publikasjonane vil eg bruke observasjonar frå ein kasusstudie av ein gut, Roald1, som har NS. NS er eit syndrom som kan gje mange ulike symptom, også språklege. Eg vil her prøve å beskrive språkprofilane til born og ungdommar med NS, med fokus på ordforråd, grammatikkferdigheiter og pragmatiske ferdigheiter. I tillegg blei relaterte ferdigheiter som fonologisk minne, arbeidsminne og visuospatiale ferdigheiter undersøkt. Resultata viser som venta betydeleg variasjon i dei undersøkte språkområda, der nokre deltakarar har normale ferdigheiter, medan ei stor undergruppe av deltakarar viste ujamne og generelt svake språkferdigheiter.