Kven er det som skriv no? Aktuelle perspektiv på eit norskfag under press frå digital teknologi
Original version
Sørhaug, J. O. (2023). Kven er det som skriv no? Aktuelle perspektiv på eit norskfag under press frå digital teknologi. Norsklæreren, 47 (2), 30-37.Abstract
Digitale skriveteknologiar forandrar dei måtane skriving føregår på i dag. Programvarer veks gradvis saman med våre daglege gjeremål. Ettersom norskfaget er ein arena som også omfattar digital teknologi, må ein vente seg at liknande overføringar av arbeid og aktivitetar vil skje også her. Slik den kjente skriveforskaren Steve Graham nyleg har påpeikt, blir både arbeidsmetodar og verktøy for skriveopplæringa påverka av digitale endringar, og på grunn av nytt innhald og nye samarbeidsformer er sjølve forståinga vår av skriving som fenomen og ferdigheit kome i spel. På kva måtar skal vi no forstå skriving? Korleis grip det inn i norskfaget? Det er dei overordna spørsmåla eg ønsker å drøfte i dette essayet. Formålet er ikkje å konkludere i debatten om fagets framtid, men å drøfte moglege inngangar til å forstå kva det er som skjer når vi menneske i aukande grad viklar oss inn i digital teknologi, også i norskfaget. Kven er det som skriv no? Aktuelle perspektiv på eit norskfag under press frå digital teknologi.