Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorSelås, Magnhild
dc.contributor.authorThaule, Kristian
dc.date.accessioned2023-07-13T16:23:38Z
dc.date.available2023-07-13T16:23:38Z
dc.date.issued2023
dc.identifierno.uia:inspera:143798281:34451247
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3078652
dc.description.abstractKristian Thaule Talemålsutvikling i Valle: Korleis utviklar talemålet seg til elevar frå 5.-10. klasse på Valle skule anno 2023? Masteroppgåve i norsk didaktikk Fakultet for humaniora og pedagogikk Institutt for nordisk og mediefag Universitetet i Agder, våren 2023 I denne oppgåva har eg hatt som målsetting å sjå på talemålsutvikling i Valle. Undersøkinga har registrert talemålet til to informantgrupper frå 5.-10. klasse på Valle skule. Informantane har gitt empiri til oppgåva ved å reflektere, utforske og samanlikne kring talemål og andre talemålsvariantar knytt til læreplanmåla i norsk etter 7. og 10. trinn. Eg har tatt i bruk fire forskingsspørsmål. Dei er som følgjande: - I kor stor grad ligg vallemålet til elevane innmed det tradisjonelle vallemålet? - Kva slags grunnar ligg bak at bruken av vallemål er på vikande front? - Er det teikn til at det er enkelte grupper av elevar der bruken av vallemål er meir utbreitt? - Kva er grunnane til at elevar med vallemål i nære relasjonar (foreldre og søsken) ikkje sjølv nyttar seg av vallemålet? Informantgruppe 1 er elevar som snakkar vallemål i det daglege. Eg undersøkte denne informantgruppa kvantitativt med ti språklege variablar knytt til tre språklege nivå. Dei fonologiske variablane er diftongering, dd-ll, framlyd av pronomenet «Kven» og bortfall av l før konsonantar. Innanfor morfologiske variablar brukte eg omlydsvokal av sterke verb presens singular og svarabhaktivokal. Til slutt var dei leksikalske variablane personleg pronomen 1. person eintal og fleirtal, palatal uttale av k og g i innlyd og nektingsadverbet ikkje. Til slutt i intervjuet blei informantane spurt fire kvalitative spørsmål. Informantgruppe 2 er elevar som ikkje snakkar vallemål men som har foreldre eller søsken som gjer det. Denne informantgruppa blei intervjua med seks kvalitative spørsmål. I ljos av metode og saman med teori om blant anna faghistorie, tidlegare forsking på vallemålet, talemålsendring, talemålsspreiing, talemålsvariasjon, talemålsutvikling og språkleg identitet har eg drøfta resultata. Hovudfunna viser at det enno er trekk som er til stades i dialekta til informantgruppe 1. Desse variablane er knytt til ord med ere-ending i diftongeringa, dei enkelte orda eg nytta i variabelen ll-dd, bortfall av l før konsonantar, personleg pronomen 1. person eintal og fleirtal og nektingsadverbet ikkje. Halvparten av informantane nyttar seg enno av dei tradisjonelle formene i sterke verb presens singular. Likevel ser ein korleis dialekta er i ferd med å kunne bevege seg på eit dialektkontinuum i retning mot eit regionalt «indre agdersk» eller standardaustlandsk. Dette er fordi det er ein del andre variablar med ein endringsprosent som kan tilseie at det skal ein del til for at nivelleringa skal stoppe opp. Dette gjeld framlyd av pronomenet «kven», palatal uttale av k og g i innlyd og svarabhaktivokal. Det gjeld au i større grad enkelte grupper av ord innanfor diftongering, då spesielt pronomena eg og deg og ordet noko. Omlydsvokal i sterke verb presens singular ligg omtrent midt på grensa for endringane. Saman med informantgruppe 2 ser ein korleis utviklinga kan gå då informantane er språkleg påverka av mødre som ikkje snakkar vallemål. Ein kan forklare talemålsutviklinga på Valle skule med indre og ytre faktorar som verkar saman i å forenkle målet saman med mobilitet, akkomodasjon, konvergens og eit svekka talemålsnettverk der ein ikkje lenger vil ha ein struktur som legg til rette for å halde oppe bruken av vallemålet.
dc.description.abstract
dc.language
dc.publisherUniversity of Agder
dc.titleTalemålsutvikling i Valle
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel