Algoritmisk tenking og undervisningsmodellen PRIMM - Eit studium av algoritmisk tankegang hos elevar når dei programmerer i Scratch.
Abstract
Innføringa av LK20 hausten 2020, gir klare føringar på at algoritmisk tenking og programmering er ein del av kompetansen elevane skal inneha i framtida. Målet med denne studien er å sjå korleis algoritmisk tankegang kjem til uttrykk hos elevar på 8.trinn gjennom programmering, og meir spesifikt korleis algoritmisk tankegang kjem til uttrykk i dei ulike fasane av PRIMM når elevar programmerer i Scratch .Studien tek utgangspunkt i sosiokulturell læringsteori, då PRIMM-modellen vektlegg diskusjonar omkring tolking av kodar, og overføring av ferdigheit og kunnskap frå det sosiale til det kognitive planet (Sentance, Waite, & Kallia, 2019). Programmet elevane brukar er Scratch. Eit program som også har vist å støtte algoritmisk tenking i ein sosiokulturell kontekst (Jiang, Zhao, Gu, & Yin, 2021) .Studien er ein kvalitativ casestudie av 19 elevar på 8.trinn, og vart gjennomført i to økter på til saman 2,5 timar. I tillegg vart to elevpar tekne ut av klassen for observasjon, der bandopptak vart nytta. Elevpara vart tekne ut kvar for seg, og desse øktene vara om lag ein time kvar med meg til stades. Datainnsamlinga bestod av innlevert arbeid, observasjon og fokusgruppeintervju med bandopptakar. Resultatet viste at elevane gjennom PRIMM-modellen får øving i algoritmiske konsept og praksisar, som abstraksjon, behandling av algoritmar, automatisering, dekomposisjon, generalisering, testing og feilsøking, samarbeid og evna til å handtere opne problem/uthalding (Bocconi, Chioccariello, & Earp, 2018). Dette viste seg ikkje berre i sluttfasen der dei endrar kode og lagar kode sjølv, men også i dei første fasane der fokus er på tolking av kodar.