dc.contributor.author | Øen, Linda | |
dc.date.accessioned | 2018-10-01T09:54:27Z | |
dc.date.available | 2018-10-01T09:54:27Z | |
dc.date.issued | 2018 | |
dc.identifier.uri | http://hdl.handle.net/11250/2565436 | |
dc.description | Masteroppgave ledelse ORG917 - Universitetet i Agder 2018 | nb_NO |
dc.description.abstract | Oppgåva handlar om Kultur som politisk verkemiddel i arbeid med å auka tilflytting til rurale lokalsamfunn. Tema vert grunngjeve med stort politisk fokus både i europeisk, nasjonal og regional samanheng på Kultur som verkemiddel for å skapa økonomisk vekst og konkuransefortrinn i byar og regionar.
I denne oppgåva ser eg på dette i eit lokalt perspektiv og undersøkjer om dette er relevant i rurale lokalsamfunn. Hovudproblemstillinga har vert å undersøkja Korleis kultur kan vere eit relevant politisk verkemiddel for å auka tilflyttinga til rurale lokalsamfunn, i dette tilfelle Rosendal?
I oppgåva nyttar eg kvalitative metodar og opne individuelle intervju med tilflyttarar og lokale utviklingsaktørar. Undersøkinga gjer svar på korleis kulturomgrepet og kulturleia utviklingsstrategiar vert nytta i Rosendal, korleis potensialet i slike strategiar vart vurdert og korleis utløysande og potensielle flyttefaktorar for tilflyttarar til Rosendal kan knytast til kulturomgrepet.
Kvart av forskingsspørsmåla i problemstillinga vert drøfta ut frå empiriske funn og det teoretiske rammeverket. Det visar seg at dei kulturleia utviklingsstrategiane kan ha ein viss relevans i rurale lokalsamfunn men at den tradisjonelle kulturpolitikken som tek utgangspunkt i det utvida kulturomgrepet utvikla på 70-talet er like viktig, om ikkje viktigare, å ha fokus på i arbeidet med tilflytting.
Det teoretiske rammeverket i denne oppgåva byggjer på tre innfallsvinklar. Som innleiing vert kulturomgrepet belyst. Vidare vert det greia ut om ulike kulturleia utviklingsstrategiar før eg ser på kva flytteforskinga seier om motiv for å flytta til distrikta. Til slutt ser eg på relasjonen mellom kulturleia utviklingstrategiar og flytting til rurale lokalsamfunn. | nb_NO |
dc.language.iso | nno | nb_NO |
dc.publisher | Universitetet i Agder ; University of Agder | nb_NO |
dc.rights | Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal | * |
dc.rights.uri | http://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/4.0/deed.no | * |
dc.subject | ORG917 | nb_NO |
dc.title | Kulturleia utviklingsstrategiar i rurale lokalsamfunn : Ein studie av kultur som relevant politisk verkemiddel i arbeid med å auka tilflytting til rurale lokalsamfunn – eit casestudie | nb_NO |
dc.type | Master thesis | nb_NO |
dc.subject.nsi | VDP::Samfunnsvitenskap: 200::Statsvitenskap og organisasjonsteori: 240::Offentlig og privat administrasjon: 242 | nb_NO |
dc.source.pagenumber | 83 s. | nb_NO |