Har prosjektet: «Å koke suppe på en spiker og suppen ble god» lukkast/ikkje lukkast i forhold til målsettinga? : ei case studie av eit interkommunalt samhandlingsprosjekt
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2413461Utgivelsesdato
2016Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Gjennom denne oppgåva har eg prøvd å forstå interkommunale nettverk. Eg har vore opptatt av kva som må til for å lukkast og endringsprosessar. Eg har sett på prosjektet: «Å koke suppe på en spiker og suppen ble god» som er eit samhandlingsprosjekt mellom kommunane Strand, Forsand og Hjelmeland.
Årsaka til at kommunar i Norge vel nettverk er mange. Det er eit resultat av den utviklinga me har hatt frå Public Administration via New Public Management til New Public Government. Nettverk vert forsøk som svar på dei stadige utfordringane som kommunar i Norge opplever. Kommunane har gått frå å vera etatskommunar via resultatskommunar til me i dag ser samhandlingskommunar. Det er då interessant å sjå på kva som kan gjera at ein lukkast med interkommunalenettverk.
Eg har støtta meg til teori frå Dag Ingvar Jacobsen om interkommunale samarbeid i Norge, og til Mats Holmquist om lærande nettverk.
Eg har og sett på drivkrefter for endring.
Eg har intervjua dei tilsette i desse tre kommunane og ei brukar gruppe samt analysert dokumenter for å finna svar. Mine funn stemde ikkje heilt overeins med teorien. Eg finn at endring kan finne stad utan at teorien stemmer verken med planlagt endring eller med evolusjon eller andre av drivkreftene. Eg fann og ut at ein kan lukkast i nettverk utan at suksesskriteriene for nettverk er tilstades.
I 2016 er prosjektet gått over ei ein implementeringsfase og drivest videre. Dei tre kommunane hadde ved sist kommune val og folkeavstemming om kommunesamanslåing. Resultatet vart nei, menn ein fortset å samhandla og samarbeida i alle fall i psykiatritenestene.
Beskrivelse
Masteroppgave ledelse - Universitetet i Agder 2016