Kva heiter eigenleg situp på norsk? Ein studie av engelske importord på norske treningsstudio
Abstract
Føremålet med denne masteroppgåva har vore å få ei oversikt over bruken av engelsk og engelske importord i norske treningsstudio. Oppgåva byggjer på seks kvantitative intervju med personlege trenarar, ei kvantitativ undersøking med 97 respondentar og innsamling av informasjon knytt til treningsstudio i Noreg. Konklusjonen er at norske treningsstudio ber preg av ein omfattande påverknad frå engelsk, og denne gjeld namn på maskinar, øvingar, gruppetimar og treningsstudio. Spesielt namna på treningsstudioa og maskinane er hovudsakleg engelske, medan det finst ein blanda språkbruk blant namna på gruppetimar og øvingar.
Hovudårsaka ligg i at maskinane, øvingane og gruppetimane som blir brukt i norske treningsstudio, har blitt utvikla i den engelsktalande verda og har difor engelske namn. Namna har i all hovudsak anten ikkje blitt omsett, eller så har dei norske alternativa har ikkje vunne fram. Det er fleire årsaker til dette: engelsk har høg prestisje, tilgangen på engelskspråklege resursar er stor, det er ein mangel på norskspråklege resursar og det er positive haldingar til engelske importord og negative til norske avløysarord. Vidare har personlege trenarar ein viktig posisjon som faglege og språklege autoritetar på treningsstudioa, og dei utøver denne rolla ved å svare på spørsmål og ved å tilpasse språkbruken i arbeid med kundar.
Det er eit behov for språknormering innan treningsterminologi både på norsk og engelsk, sjølv om behovet og moglegheita for normering er størst på norsk. Dette kjem at det er lite standardisering av treningsterminologi, noko som skapar forvirring for studentar og forskarar. Nokre av dei engelske namna og fagomgrepa er betre på engelsk, sjølv om mange er høgt leksikaliserte og lite egna i ein norsk kontekst.I det fyrste vedlegget ligg det ein norsk-engelsk ordliste over treningsøvingar og i det andre vedlegget ligg det eit forslag til normering av desse på norsk.
Problemstillinga har vore:
«Korleis blir engelske importord brukt i norske treningsstudio, og finst det eit reelt behov for språknormering??
Nøkkelord: trening, treningsstudio, treningsstudio, språknormering, importord, lånord, engelsk og språkpåverknad, treningsterminologi.