Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorHaslum, Vidar
dc.contributor.authorSkarveland, Åsmund Flatnes
dc.date.accessioned2024-07-06T16:23:39Z
dc.date.available2024-07-06T16:23:39Z
dc.date.issued2024
dc.identifierno.uia:inspera:227890215:47106776
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3139021
dc.description.abstractFormålet med denne oppgåva er å undersøke og samanlikne normkompetansen i nynorsk til tiandeklassingar med nynorsk som hovudmål frå to ulike stader. Den eine elevgruppa kjem frå det nynorske kjerneområdet, medan den andre elevgruppa kjem frå den nynorske randsona. Normkompetansen vil bli samanlikna på mest mogleg likt grunnlag. Desse elevane har berre hatt opplæring i 2012-reforma i nynorsk, og dermed kan det i tillegg vere interessant å sjå om endringar som blei gjennomført, har hatt gjennomslag i desse elevtekstane. Elevane kjem frå regionen Sunnhordland, som ligg på Sørvestlandet. I tillegg skal oppgåva undersøke om avvika kan forklarast ut frå bokmål- og/eller dialektpåverknad. Normkompetansen til elevane er i hovudsak undersøkt gjennom ei kategorisering av normavvik frå eit tekstmateriale på 22 642 ord frå kjerneområdet og 46 433 ord frå randsona. Dette utgjer 77 elevtekstar, der 32 tekstar er frå kjerneområdet og 45 tekstar er frå randsona. Avvika er kategoriserte i 11 hovudkategoriar og 28 underkategoriar. Totalt fann eg 7,8 avvik per 100 ord i kjerneområdet og 12 avvik per 100 ord i randsona. Dei mest frekvente avvikstypane i både kjerneområdet og randsona er knytt til hovudkategoriane vokalisme, konsonantisme, verb og substantiv. Det er også gjort ei undersøking av nokre frekvente avviksord i nynorsk (*man, *sei/*si og de/dykk/dokker). Normavvika i kjerneområdet består mellom anna av påverknad frå bokmål (28 %), bokmål og dialekt (23 %) og «rein» dialekt (26 %). I randsona kjem i hovudsak påverknaden frå bokmål (46 %), bokmål og dialekt (30 %) og «rein» dialekt (11 %). Det er altså betydeleg meir påverknad frå bokmål i randsona, og meir rein dialektpåverknad i kjerneområdet. 33 av elevane som har skrive tekstar som er analyserte i denne oppgåva, har også svara på eit spørjeskjema som omhandlar deira sosiolingvistiske bakgrunn. Spørjeskjemaet er eit tillegg for å kunne forklare normkompetansen til elevane, og består av 22 spørsmål. Det blir mellom anna spurt om kva språk som blir brukt i ulike situasjonar, sjølvrapportert normkompetanse, korleis elevar skil nynorsk frå dialekt og litt om språkbyte.
dc.description.abstract
dc.languagenob
dc.publisherUniversity of Agder
dc.titleEi undersøking av normkompetansen til ungdomsskuleelevar med nynorsk som hovudmål - Ein studie av normavvik blant elevar med nynorsk som hovudmål i det nynorske kjerneområdet og randsona
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel