dc.description.abstract | Me lev i ei tid der mykje av samfunnsdebatten er prega av spørsmål knytt til klima- og miljøutfordringar. Mykje skjønnlitteratur i dag tematiserer korleis me kan opptre betre i møte med natur, og kva som skjer dersom me ikkje endrar åtferd. I denne oppgåva undersøker eg den nynorske diktaren Aslaug Vaa frå eit økokritisk perspektiv, med fokus på forhold mellom menneske og ikkje-menneskeleg natur i «Romet» (1954), «Eg» (1947) og «Moreld» (1947). Målet er å særleg finne ut kva tyding stadar i dikta har frå eit økokritisk perspektiv, korleis den ikkje-menneskelege naturen har handlekraft i dikta, og korleis dette kan relaterast til «poetisk tenking». For å gjere dette har eg fordjupa meg i økokritikk, der eg blant anna har henta teori frå Greg Garrard, Jonathan Bate og Jenna Coughlin. Som ei innføring i Vaa vel eg å ta med tidlegare lesingar av ho opp mot postmodernisme, feministisk vitalisme og økokritikk, for å vise korleis mi oppgåve byggjer på dette, samt tradisjonane pastoral, romantikk og folkedikting.
I oppgåva viser eg korleis stadar med sine årstider, vêr og tid på døgnet, legg særleg til rette for «poetisk tenking», og at naturens handlekraft er synleg på fleire vis i desse dikta. Den endelege konklusjonen går på at menneska i desse dikta står i uløyseleg samband med omgjevnadane, og den poetiske tenkinga styrast av korleis den ikkje-menneskelege naturen i omgjevnadane reagerer eller har moglegheit til å kommunisere med menneske. Målet er også å utvide vår forståing for korleis naturen kan kommunisere i dikt. | |