Mellomleiing av arbeidsinnvandra helsepersonell. Ein studie av korleis mellomleiarar i norske distriktskommunar arbeider for å behalde arbeidsinnvandra helsefaglege tilsette.
Abstract
SAMANDRAG
Denne masteroppgåva er ei kvalitativ undersøking som set søkelyset på leiing, ved å sjå på korleis kommunale mellomleiarar arbeidar for å behalde arbeidsinnvandra helsefaglege tilsette.
Ut ifrå den opne og utforskande problemstillinga vart det valt eit intensivt undersøkingsdesign med få einingar og potensielt mange variablar for å få fram ei så rik skildring som mogeleg av fenomenet. For å innhente data vart det nytta kvalitativ metode gjennom individuelle, semistrukturerte intervju kvar intervjuguiden var basert på det teoretiske rammeverket. Intervjua vart gjennomført digitalt via Universitetet i Agder si Zoom-løysing. Det analytiske arbeidet var basert på Jacobsen (2015) sine fire steg i prosessen frå ord til meining.
Det teoretiske rammeverket for oppgåva består av PAIE-modellen (Strand, 2007), Baldersheim, Haug, Hye, & Øgård (2021) sine funn frå den, til no, største studien av kommunale mellomleiarar i Noreg, samt generell organisasjonsteori rundt det instrumentelle og kulturelle perspektivet (Christensen, Lægreid & Røvik, 2021).
Funna tyder på at informantane i denne undersøkinga har erfaring med arbeidsinnvandra helsefaglege tilsette. Informantane gjev inntrykk av at dei har reflektert over dette arbeidet og at dei opplever det som viktig. Ut ifrå deira posisjon i den kommunale organisasjonsstrukturen opplever dei motsetnader i samband med dette arbeidet. Dei syner vidare til fordelar og utfordringar, og det kjem fram ein variasjon blant informantane i samband med korleis dei ser at dei kan nytte si handlingskraft til å påverke dei arbeidsinnvandra helsefaglege tilsette til å bli verande.
I møte med stadig helsepersonellmangel vil dette vere kunnskap som kan vere nyttig for kommunane å ta vare på.
ABSTRACT
This master thesis is a qualitative investigation that put the spotlight on management, by looking at how municipal middle managers work to retain migrant healthcare workers.
Based on the open and exploratory research-question, a research method was chosen with few units and potentially many variables in order to produce as rich a description as possible of the phenomenon. Data was obtained through individual, semi-structured interviews where the interview guide was based on the theoretical framework. The interviews was conducted digitally via the University of Agder's Zoom solution. The analytical work was based on Jacobsen's (2015) four steps in the process from words to meaning.
The theoretical framework for this assignment consists of the PAIE model (Strand, 2007), Baldersheim, Haug, Hye, & Øgård’s (2021) findings from the, to date, largest study of municipal middle managers in Norway as well as general organizational theory around the instrumental and cultural perspective (Christensen, Lægreid & Røvik, 2021).
The findings suggest that this is a work task that the informants in this survey have experience with, have reflected upon and perceive as important. Based on their position in the municipal organizational structure, many contradictions arise in connection with this work. They see advantages and challenges connected to this issue, and a variation emerges among the informants in connection with how they see that they can use their power of action to influence the migrant healthcare workers to stay.
Faced with a continuing shortage of healthcare personnel, this will be knowledge that can be useful for the municipalities to preserve.