"Det er egentlig litt deilig at den er borte. Nå ha vi mer fokus på læring og dybdelæring" Ei undersøking av korleis LK20 har påverka undervisnings- og vurderingspraksis i sidemål.
Description
Full text not available
Abstract
Frå hausten 2020 blei det innført nye læreplanar i alle faga i skulen. For norskfaget betydde dette endringar på fleire områder, blant anna blei vurderingsordninga i åttande og niande trinn på ungdomstrinnet, og dei to første åra på vidaregåande opplæring endra. På desse trinna får ikkje elevane lenger to karakterar i skriftleg norsk. Ein valde å slå saman dei skriftlege karakterane til ein felles karakter som skal representera eleven sin kompetanse i hovudmål og sidemål.
Dette er ei endring som har skapt diskusjon. Enkelte har hevda at dette vil gå utover sidemålet i skulen, og at elevane vil få både mindre undervisning og ha færre vurderingar i sidemålet. Andre har på si side ønska endringa velkomen, og meint at ei slik endring vil vera til det betre for norskfaget og legga meir til rette for djupnelæring.
I denne oppgåva er utvalde norsklærarar i ungdomsskulen blitt intervjua om kva endringa av vurderingsordninga har hatt å seia for deira undervisnings- og vurderingspraksis i sidemål. Ettersom nynorsk er sidemål for dei fleste elevane i ungdomsskulen i dag, har informantane i oppgåva blitt henta frå skular der nynorsk er sidemål.
Funna i oppgåva viser at ei endring av vurderingsordninga i norsk har gjort at ein framleis har undervisning i sidemål, men at fokuset på formelle vurderingar til dels er tona ned. Det kjem fram at ein kan bruka meir tid på undervisninga, og då utan at det må enda opp i ein formell vurderingssituasjon. Samtidig viser funna at endringa har ført med seg til dels uklare formuleringar i læreplanen, og tolkingsrommet for lærarane har blitt større. Dette har igjen ført til at lærarane har ein meir varierande vurderingspraksis på enkelte områder