Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorLangås, Unni
dc.contributor.authorKnutsen, Anne Nikula
dc.date.accessioned2023-02-07T17:23:53Z
dc.date.available2023-02-07T17:23:53Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.uia:inspera:110022146:22866868
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3049015
dc.description.abstractTemaet for denne oppgåva er 22. juli-litteratur, med fokus på vitnesbyrd som vart publisert ti år etter terroren. Det empiriske materialet som dannar grunnlaget for oppgåva er 22. juli – og alle dagene etterpå (2021) skriven av Utøya-overlevande Tonje Brenna. Boka er ein litterær sjølvbiografisk refleksjon med ein tosidig distinksjon, mellom tida under terrortimane og konsekvensrefleksjonar om ettermælet i eit perspektiv på ti år. Først skal eg gjere ein sjangerdiskusjon, i lys av relevant sjangerteori. Det teoretiske utgangspunktet eg legg til grunn for analysen er eit traumeteoretisk fundament og teori om å formidle vidare personleg vitnesbyrd. Deretter ser eg på litterære framstillingar av traumeerfaringar i møte med ein politisk og samfunnsaktuell kontekst. Analysekapittelet er delt inn i tre delar, som kvar for seg speglar eit analysespørsmål. Gjennom dei to første analysespørsmåla undersøker eg korleis augevitneforteljinga gir form til traumeerfaringar på det individuelle nivået og i den kollektive dimensjonen. Brenna presenterer det individuelle nivået, som inneheld både augevitneforteljinga frå terrordøgnet og refleksjonar kring etterverknadane av terroren. Bruk av historisk presens og tempusendringar i teksta er med på å skape eit markant skilje mellom opplevingane under og etter terroren. På grunn av eigenarten i ei terrorerfaring er det interessant å undersøke kryssingspunktet mellom den personlege erfaringa og den sosiale dimensjonen. Analysen viser deretter at vitnesbyrd peikar både innovergåande, med fokus på å dele eigne erfaringar, og utovergåande, formidle vidare innsikt om andre sine erfaringar. Det siste analysespørsmålet utforskar kvifor Brenna gir ut eit vitnesbyrd no, ti år etter terroren. Oppgåva syner at Brenna peiker på kollektive og individuelle hensikter ved utgivinga, gjennom bruk av relevant teori og tidlegare forsking. Vidare undersøker oppgåva Brenna sitt syn på etterreaksjonar i samfunnet, og til slutt korleis boka er med på arbeid til minne om dei omkomne. Samla gir oppgåva eit overblikk over det valde materialet og 22. juli-vitnesbyrd, med fokus på konsekvensrefleksjonar i eit langtidsperspektiv.
dc.description.abstract
dc.language
dc.publisherUniversity of Agder
dc.titleTi år etter terroren. Ei lesing av 22. juli - og alle dagene etterpå av Tonje Brenna (2021)
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel