Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorRøsstad, Rune
dc.contributor.authorBreie, Linn Therese Thorsby
dc.date.accessioned2023-02-07T17:23:52Z
dc.date.available2023-02-07T17:23:52Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.uia:inspera:110022146:22983284
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3049014
dc.description.abstractI denne mastergradsavhandlinga har eg undersøkt moglege orsakar som gjer at ungdom i Hallingdal som har hatt nynorsk som hovudmål, bytter til bokmål. Problemstillinga som er utgangspunkt for avhandlinga er: Korfor bytter ungdom i Hallingdal som har nynorsk som hovudmål, over til bokmål? For å undersøkje dette vart det gjennomført ei kvantitativ digital undersøking ved Gol vidaregåande skule, kor til saman 44 informantar tok del i undersøkinga. Spørjeskjemaet inneheldt til saman 51 spørsmål, både opne og lukka, og hadde slik sett også nokre kvalitative resultat. Alle informantane har eller har hatt nynorsk som hovudmål, og delar av resultatet vert presentert med bokmålsinformantane og nynorskinformantane kvar for seg. Resultatet frå undersøkinga vert sortert og gjennomgått etter følgjande tre tema: forholdet til språk og samfunn, språkbruk og eksponering, og framtida som språkbrukar. Analysen av informantanes svar og argumentasjon, viser at bokmålsinformantane har lagt mest vekt på at bokmål er mest brukt elles i samfunnet, og at dei har lettare for å skrive godt bokmål enn nynorsk. Nynorskinformantane på si side oppgjev at dei i likskap med bokmålsinformantane stort sett nyttar bokmål utanfor skulen, men at dei valde nynorsk som hovudmål for å forhåpentlegvis betre kompetansen i nynorsk. Etter kvart som resultata frå dei ulike spørsmåla vart sett i samanheng, kunne ein sjå store likskapar i svara frå bokmålsinformantane, samstundes som ein også kunne leggje merke ved nokre tvitydigheiter. Fleire av informantane oppgjev at dei har nokså gode nynorskkunnskapar, samstundes som at hovudmomentet i grunngjevingane for målformbyttet gjerne er at nynorsk er for vanskeleg, eller at bokmål er enklare. For mange kan det slik sett tyde på at målformvalet nesten sjølvsagt er bokmål, sjølv om fleire av dei har hatt nynorsk i 10 år. Dei fleste informantane viser også ei felles bevisstheit om at dei fleste klassekameratane også bytter målform. Ut ifrå fleire moment som viser i retning av ein automatikk for bytte av målform, har eg kome fram til at det kan liggje til grunn ein målformbyttekultur blant informantane som påverkar målformvalet.
dc.description.abstract
dc.language
dc.publisherUniversity of Agder
dc.titleKorfor ikkje nynorsk? Om overgangar frå nynorsk til bokmål i Hallingdal
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel