Violeta Violeta - Ein romantisk tragedie?
Abstract
Denne oppgåva utforskar spørsmålet om kva slags verk Violeta Violeta – En romantisk tragedie av Kaizers Orchestra er. Albumtrilogien har ein stor musikalsk og litterær rikdom, på kryss og tvers av historiske epokar. Det balanserer mellom heilskap og fragmentering, samtidig som det bryt konvensjonar. Samla sett gjer dette verket fascinerande, men også komplekst. Sidan albumtrilogien har eit særs tett samspel mellom musikk og tekst, tek oppgåva føre seg det framførte verket. Dermed plasserer masteroppgåva seg i det tverrfaglege forskingsfeltet mellom tekst og musikk. Oppgåva er tredelt. For å kunne svare på forskingsspørsmålet, følgjer fyrst ei kartlegging av musikalske og litterære sjangrar. Deretter gir oppgåva ei nærlesing av tre songar. Desse er «Markedet bestemmer», «Begravelsespolka» og «Den romantiske tragedien». Etterpå følgjer ei narratologisk analyse av albumtrilogien i sin heilskap som songlyrisk forteljing. Avsluttande reiser det seg ein diskusjon om kva slags estetikk sjangerblandinga er uttrykk for.
ABSTRACTThis master thesis explores what the album trilogy Violeta Violeta – En romantisk tragedie av Kaizers Orchestra is. The trilogy has great musical and literary richness across historical eras. It balances between wholeness and fragmentation, while breaking conventions. The albums are fascinating, but also complex. Since it has a particularly close interplay between music and text, the thesis will explore the performed album trilogy. As a result of this, the thesis is in an interdisciplinary field between literature and music. The assignment is divided into three parts. To answer the research question, a mapping of musical and literary genres first follows. Then the assignment provides close reading of three songs. These are “Markedet bestemmer”, “Begravelsespolka” and “Den romantiske tragedien”. This is followed by a narratological analysis of the album trilogy in its wholeness as a lyrical narrative. Finally, there will be a discussion about what kind of aesthetics the genre mix is an expression of.