Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHaukåssveen, Kjersti B.
dc.date.accessioned2015-03-03T07:58:38Z
dc.date.available2015-03-03T07:58:38Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/278200
dc.descriptionMasteroppgave nordisk språk og litteratur- Universitetet i Agder, 2014nb_NO
dc.description.abstractI denne oppgåva har eg undersøkt dialektbruk og haldningar hos ungdom i Ringsaker kommune i Hedmark. Informantane i denne undersøkinga er 15 år gamle då undersøkingane og intervjua var gjennomførd, i 2013. Totalt er 76 informantar med i undersøkinga og 6 av desse vart intervjua munnleg. Kravet eg satt til informantane var at dei måtte vere vekse opp i Ringsaker kommune, om minst ein a foreldra deira måtte og vere frå Ringsaker. Dei 6 som var intervjua munnleg måtte ha to foreldre frå kommunen. Hovudessensen i oppgåva mi har vore å undersøke i kva grad dei eldre trekka frå ringsakmål framleis held stand hos ungdomsgenerasjonen. Eg har og lagt vekt på å finne ut korleis haldningane til talemål er blant ungdomsgenerasjonen i kommunen. Empirien i undersøkinga mi er samla inn både ved kvantitativ og kvalitativ metode. Eg har starta oppgåva mi med ei kort samfunnsmesseg utgreiing om korleis Ringsaker kommune ser ut, for at ein lettare kan plassere empirien i undersøkingane. Vidare valde eg å kort gjere greie for tidlegare talemålsforsking i Noreg i eit historisk perspektiv. Dette for å plassere min eigen studiet i eit meir einskapleg billete. Eg har og eit eige kapittel med sosiolingvistisk teori som er aktuell i høve til oppgåva og arbeidsmetodar. Av liknande undersøkingar fann eg ut at det ikkje var gjort noko tilsvarande arbeid, men dialekten i Ringsaker har godt blitt beskrive av fleire, blant anna Ringsaker Historielag, Ernst Håkon Jahr og Martin Skjekkeland. Beskrivingane til Skjekkeland og Jahr har eg nytta som mal for dei opphavlege dialektvariablane eg var på jakt etter. Eg valde å plukke ut einskilde dialektvariablar som er typiske for eldre ringsakmål, og undersøke i kva grad dei førekjem hos informantane mine. Til dømes har dette vore variablar som omfattar dativ, palatalisering, diftongering og spørjeord. I den kvantitative undersøkinga deltok alle informantane, og dei fekk eit skjema kor dei skulle krysse av for kva ord dei brukte i dei ulike tilfella. Eg valde og å ha med nokre spørsmål som gjekk på haldningar i spørjeskjema. Desse undersøkinga vart føretatt på to ulike ungdomsskuler i kommunen, Brøttum og Brumunddal. Materialet vart analysert og 6 informantar, tre av kvart kjøn, var plukka ut til å delta i eit munnleg intervju. Eg valde å blande kvalitativ og kvantitativ metode, fordi ved å intervjue nokon informantar munnleg, kunne eg gå i djupet av svara som var gitt i spørjeskjema, og sikre validiteten i undersøkinga. Det viste seg å vere nyttig. Informantane i dei munnlege intervjua fekk spørsmål om korleis dei hadde det i Ringsaker, om livet sitt og om haldningar til talemål. I arbeidet med å kartleggje dei opphavlege dialektvariablane i Ringsaker, valde eg å sette opp standardaustlandsk som motvariablar. Dette er gjort fordi eg har observert at der talemålsbrukarar divergerer vekk frå ringsakvariablar, konvergerer dei helst mot standardaustlandske former. I oppgåva mi har eg konkludert med at me kan sjå at dei standardaustlandske formene har funne mykje terreng, og ringsakvariablane er langt frå gjennomførde, men at me i Ringsaker kommune førebels ikkje ser ein regionaliseringsprosess fullt ut. Ringsakvariablane held seg framleis ganske godt i einskilde høve. Til dømes er pronomenet dom og bruk av tjukk L (retrofleks flapp) framleis mykje nytta. Men me kan og sjå at palatalisering nærast er heilt borte. Det er ein skilnad mellom talemålet hos ungdomsgenerasjonen i Ringsaker og besteforeldergenerasjonen, men det er framleis mange dialektvariablar å spore. Gjennom arbeidet med oppgåva har eg funne ut at ungdom i Ringsaker kommune er positive til bruk av dialektar. Dei er positive til talemålet i Ringsaker, og dei fleste ungdomane likar sitt eige talemål. Dei er og positive til dialektar generelt. På spørsmål om kva dialekt dei synast er finast i Noreg, svar flest ringsakmål. Eg tenkjer at sjølv om ringsakmålet har hatt tilbakegong sidan andre verdskrig, er han framleis levande. I og med at informantane synast så godt om han, trur eg han har ein god sjanse til å overleve ein generasjon til, og dei standardaustlandske formene har ikkje sigra riktig enno i Ringsaker kommune.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherUniversitetet i Agder ; University of Agdernb_NO
dc.subjectNO 500
dc.titleOver dørstokken heme : ei sosiolingvistisk undersøking av språklege endringar og haldningar hos ungdom i Ringsaker kommune.nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Linguistics: 010::Nordic languages: 018nb_NO
dc.source.pagenumber129 s.nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel