Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorGjil, Svein Carlos Nilsen
dc.date.accessioned2015-02-20T12:13:27Z
dc.date.available2015-02-20T12:13:27Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/276942
dc.descriptionMasteroppgave ledelse- Universitetet i Agder, 2014nb_NO
dc.description.abstractOppgåva tek utgangspunkt i ungdomsskulane i Rogaland. Eg har, gjennom eiga intervjuundersøking, kartlagd den gjennomsnittlege organisasjonsprofilen i høve til kultur, og sett på om det er forskjell i organisasjonskultur mellom skular som skårar høgt og skular som skårar lågt på nasjonale prøvar. Samla utval er på ti skular av 82, fem av desse skårar høgt og fem skårar lågt. Eg har besøkt alle ti skulane, der eg på kvar skule (med eit unntak) har intervjua både rektor og ein lærar. I teoridelen har eg sett på kva kultur er, og på kultur i høve til skulen som organisasjon. Eg går m.a. gjennom Per Dalin sine dimensjonar i skulen som organisasjon, men hovudtyngda av teorien eg har nytta er henta frå «rammeverket for konkurrerande verdiar», kalla CVF. Denne er skildra av forskarane Kim S. Cameron og Robert E. Quinn i Cameron & Quinn 2013. Kartleggingsverktyet eg har nytta for vurdering av kor den enkelte skule ligg i høve til kulturdimensjonane klan, adhokrati, marknad og hierarki, er OCAI (Organizational Culture Assessment Instrument). I tillegg til dette har eg hatt ein del tilleggsspørsmål. Intervjuguiden og oppsummerte og forkorta svar er gjengitt i vedlegg. Eg har kartlagd at den gjennomsnittlege dominerande kulturprofilen i Rogalandsskulane er klan. Klankultur er prega av teamarbeid og lagfokus. Dei andre kulturdimensjonane skårar meir likt, men det er mest adhokrati (dynamisk og eksperimentell) og minst marknad (resultatorientering). Eg har også kome fram til at det ser ut til å vera forskjell i kulturprofil på skular som skårar høgt og som skårar lågt på normerte prøvar. Særleg er det skilnadar viss ein ser lærarar og rektorar for seg i kvar skulegruppe (fig. 10). Lærarane i låg gruppe har etter måten låg skåre på klan, medan lærarane i høg gruppe har veldig høg skåre på det same. Rektorutvalet i låg gruppe har lågast skåre på marknad av alle. På bakgrunn av at det ser ut til å vera ein forskjell i kulturprofil i dei to gruppene, har eg også sett på grad av samsvar på svar til lærar og rektor på den einskilde skulen , og om det er forskjell på grad av samsvar mellom dei to skulegruppene. Det kan sjå ut som det er mindre grad av samsvar på svara i den gruppa som skårar lågast. Lærar og rektor på skulane som skårar høgast ser ut til å vurdera organisasjonskulturen meir likt. Utvalet av skular i dei to gruppene eg samanliknar (høg og låg skåre) er lite, og ein del av den påviste forskjellen kan difor skuldast naturleg variasjon.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherUniversitetet i Agder; University of Agdernb_NO
dc.subjectORG917
dc.titleOrganisasjonskultur og skuleresultat på ungdomsskulane i Rogalandnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Political science and organizational theory: 240::Public and private administration: 242nb_NO
dc.source.pagenumber87 s,nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel