Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorUrbø, Anne Margit
dc.date.accessioned2018-10-08T12:10:52Z
dc.date.available2018-10-08T12:10:52Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2566884
dc.descriptionMasteroppgave industriell økonomi og teknologiledelse IND590 - Universitetet i Agder 2018nb_NO
dc.description.abstractI denne casestudien er lønnsemda og gjennomføringsevna av å døgnregulere Eidselva vurdert. Initiativtakar til problemstillinga er Statkraft, som er eigar av det øvste kraftverket i Eidselva, Hogga kraftverk. Nedstraums Hogga ligger Vrangfoss, Eidsfoss og Ulefoss kraftverk, desse har andre eigarar som får kraftinntektene. Statkraft ynskjer å adressere moglegheitene for og effekten av at kraftverka går frå dagens produksjonsmaksimering til profittmaksimering. Der sistnemnde er optimalisert produksjon i samråd med kraftprisen, altså døgnregulering. Oppgåva har adressert ein netto positiv nominell kontantstraum før skatt fram til 2030 for alle kraftstasjonar samla. Denne består av differanseinnbetalingane og differanseutbetalingane som oppstår ved overgang til døgnregulering. Differanseinnbetalingane er ekstra inntening frå kraftproduksjon, adressert gjennom simuleringsprogrammet LHOTUS. Differanse-utbetalingane er hovudsakleg ekstra kostnader som oppstår på grunn av auka slitasje på aggregat. Noverdien for alle kraftstasjonane er rekna til 20,8 millionar kroner, der Hogga står for storparten av fortenesta. Dei resterande kraftverka nyttar svært lang tid på opp- og nedregulering som resulterer i at deira bidrag er beskjedene og i nokre tilfelle negative. Dette reduserer gjennomføringsevna i nokon grad, ved at det ikkje er ynskjeleg at ei strategiendring skal påverke samarbeidet i Eidselva i negativ retning. Differanseinnbetalingane er basert på historiske svingingar i kraftprisen. For at resultatet skal gjelde fram i tid er det gjennomført eit litteraturstudie som adresserer forventa svingingar i kraftprisen gjennom døgnet. Det forventast ei auke i prisvariasjon over døgnet fram mot år 2030, hovudsakleg på grunn av auka utbygging av uregulerbar fornybar kraft og auka overføringskapasitet til Europa, samt meir integrerte marknader for kjøp og sal av kraft. Dette vil sei at fortenesta av endra produksjonsstrategi truleg vil halde seg på same nivå eller auke i framtida.nb_NO
dc.language.isonobnb_NO
dc.publisherUniversitetet i Agder ; University of Agdernb_NO
dc.rightsAttribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/4.0/deed.no*
dc.subjectIND590nb_NO
dc.titleEffekten av å døgnregulere Eidselvanb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Økonomi: 210nb_NO
dc.subject.nsiVDP::Teknologi: 500::Elektrotekniske fag: 540::Elkraft: 542nb_NO
dc.source.pagenumber95 s.nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal