Med fagbrev ligg verda open : ein studie av yrkesopplæringsnemnda i Rogaland
Abstract
Fag- og yrkesopplæring står sterkt i Rogaland. Samarbeidet mellom dei ulike partane i yrkesopplæringsnemnda vert ofte trekt fram som eit «konkuransefortrinn» og nemnda vert rekna som ei av dei fremste i landet. Eg har undra meg på kva det er med yrkesopplæringsnemnda i Rogaland som gjer at ho har fått dette omdømmet. I studien min har eg valt å sjå nærare på det. Problemstillinga vart følgande:
Kva faktorar kan forklare at yrkesopplæringsnemnda i Rogaland er ein av dei leiande aktørande regionalt og nasjonalt når det gjeld kvalitetsutvikling av fag- og yrkesopplæring.
Studien vart gjennomført som ei intervjuundersøking blant 5 informantar med ulik tilknyting til yrkesopplæringsnemnda i Rogaland. Alle hadde god kjennskap til nemnda sitt virke og mandat.
Som teoretisk grunnlag for studien har eg tatt utgangspunkt i tre av Bolman & Deal sine fortolkingsrammer; det strukturelle, det politiske og det symbolske perspektivet. Ved å forstå eit fenomen utifrå ulike fortolkingsrammer vil ein kunne skape auka forståing og innsikt.
Yrkesopplæringsnemnda i Rogaland er eit fenomen.
Hovudfunna kan samanfattast i fem punkt;
• Eit unikt samspel internt i yrkesopplæringsnemnda basert på tillit. Partipolitiske skiljeliner er viska bort, partane i arbeidslivet står ikkje mot kvarandre og ein står samla om eit felles mål; «det som er best for fagopplæringa i Rogaland».
• Delegering av fullmakter frå fylkestinget til yrkesopplæringsnemnda utover det som opplæringslova legg opp til.
• Ei lita og effektiv nemnd som er handterlig og raskt «på ballen».
• Leiaren av yrkesopplæringsnemnda er folkevald.
• Fagarbeidaren står sterkt i Rogaland
Under dette kan ein fornemme eit felles sett av verdiar, tufta på ei lang historie med hermetikkindustri, sjøfart, mekanisk industri, olje, fisk, landbruk og alt det som Rogaland står for.
Description
Masteroppgave ledelse ORG917 - Universitetet i Agder 2016