Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSkjerdal, Gunnar
dc.date.accessioned2017-03-20T09:03:13Z
dc.date.available2017-03-20T09:03:13Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2434638
dc.descriptionMasteroppgave ledelse ORG917 - Universitetet i Agder 2016nb_NO
dc.description.abstractI denne oppgåva har eg forska på korleis elevar som har gått på utdanningsprogram for musikk, dans og drama (heretter kalla MDD) på Dahlske videregående skole i Grimstad, sjølve oppgir nytteverdien av å ha teke denne utdanninga. MDD er ei studieførebuande utdanning. Det vil seia at det primære målet med utdanningsprogrammet er å kvalifisera for vidare studiar. MDD gir generell studiekompetanse. Det vil seia at ein er kvalifisert for dei fleste høgare utdanningar. Det er dermed ikkje eit mål at desse elevane primært skal gå vidare til høgare utdanning innanfor musikk, dans eller drama. Men utdanninga skal òg gjera elevane best mogleg skikka til å gjera det, dersom dei ynskjer det. Avgangselevar i åra 2006, 2007 og 2008 har fått høve til å svara på ei i utgangspunktet kvantitativ spørjeundersøking der eg har stilt spørsmål om kva utdanning dei har teke, kva yrkesval dei har teke og om dei har vore aktive i frivillig arbeid relatert til musikk, dans eller drama etter fullført vidaregåande. Noko har eg tolka på grunnlag av talmateriale; til dømes kor mange som har teke kunstfagleg utdanning eller som arbeider direkte innanfor eitt av kunstfelta. Men det er ikkje all denne informasjonen som er lett å systematisera i kategoriar, og då har eg gjort ei meir generell tolking. Vidare er dei spurde om kva nytteverdi dei meiner det har hatt for utdanning, yrkesval og frivillig engasjement at dei har gått på MDD. I tillegg har eg hatt eit ynskje om å la respondentane sleppa til med eigne ord for å beskriva kva nytteverdien består i, og dei har difor fått ein del opne tekstfelt i undersøkinga. Undersøkinga ligg difor i grenseland mellom kvantitativ og kvalitativ metode. Undersøkinga viser i korte trekk at ein knapp tredel av respondentane har teke utdanning der heile eller delar av utdanninga kan reknast som kulturfagleg utdanning. Ikkje heilt overraskande har òg eit tilsvarande tal hatt løna arbeid innanfor kulturrelaterte yrke, og det er naturleg nok stor grad av samanfall mellom kven dette gjeld. Når dei blir spurde om nytteverdien av å ha gått på MDD, er det mange fleire av respondentane som svarer at det har hatt middels eller høg nytteverdi enn berre dei som har teke utdanning eller yrkesval i kulturfagleg lei. Relatert til utdaning er det rundt rekna åtte av ti som meiner det har hatt middels eller høg nytteverdi for dei å ha gått på MDD, medan talet når det gjeld nytteverdi for løna arbeid dei har hatt, er omtrent sju av ti. Litt mindre enn seks av ti har delteke i frivillig (organisert) aktivitet relatert til musikk, dans eller drama. Nesten alle i denne kategorien seier at det har hatt middels eller høg nytteverdi for aktiviteten at dei har gått på MDD. Fylkeskommunen er eigar av dei offentleg drivne vidaregåande skulane. Hovudtyngda av føringar for korleis desse skal drivast, fylgjer av nasjonalt lovverk i form av lov om vidaregåande utdanning og ei mengd forskrifter som presiserer lovverket. Men likevel har skuleeigar eit styrings- og forvaltaransvar når det gjeld ressursbruk, dimensjonering av ulike utdanningsprogram, pedagogisk og administrativ leiing og så vidare. I arbeidet med denne styringa er det viktig for administrativ og politisk leiing å ha best mogleg grunnlagsinformasjon. Som ansvarleg for MDD som eit utdanningsprogram som ikkje er av dei billegaste (men heller ikkje av dei dyraste) målt per elevplass per år, er det eit mål å vita noko om nytteverdien av denne ressursbruken. Kort sagt melder respondentane om gjennomgåande høg nytteverdi av MDD-utdanninga. Dette samsvarer og med forsking som dokumenterer at det er av høg verdi i eit samfunnsutviklingsperspektiv at det bur menneske med høg og variert kulturfagleg kompetanse i ein region, og at kreativ kompetanse er viktig når det gjeld næringsutvikling og andre former for samfunnsutvikling. Det står som eit paradoks at MDD-utdanninga på Dahlske og skulen som ein av dei største kulturarbeidsplassane i fylket, knapt er nemnt med eitt ord i fylkeskommunale plandokument for kultur- og regionalutvikling.  nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherUniversitetet i Agder ; University of Agdernb_NO
dc.rightsAttribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/4.0/deed.no*
dc.subjectORG917nb_NO
dc.titleMusikk, dans og drama - til nytte? : Korleis opplever tidlegare elevar nytteverdien av å ha gjennomført utdanningsprogram for musikk, dans og drama på Dahlske videregående skole? Kva ressurs representerer denne gruppa for fylket/regionen?nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Statsvitenskap og organisasjonsteori: 240::Offentlig og privat administrasjon: 242nb_NO
dc.source.pagenumber56 s.nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal