«Personlege eigenskaper blir vektlagt» : i stort sett alle stillingsannonser står det at personlege eigneskaper blir vektlagt. Men kva ligg eigentleg i dette begrepet og kva gjer mellomleiarar i offentleg sektor for å avdekke dei ønska eigenskapane ved tilsetting?
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2413442Utgivelsesdato
2016Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Hovedtemaet for denne masteroppgåva er tilsetting. Tilsetting av nye medarbeidarar er eit vanskeleg felt og feiltilsetting er krevande. Motivasjonen min for å skrive denne oppgåva har vore å bli dyktigare til å finne dei riktige medarbeidarane, dei som har dei personlege eigenskapane yrket krever.
Dermed blei problemstillingen formulert slik:
«Personlege eigenskaper blir vektlagt»
I stort sett alle stillingsannonser står det at personlege eigneskaper blir vektlagt. Men kva ligg eigentleg i dette begrepet og kva gjer mellomleiarar i offentleg sektor for å avdekke dei ønska eigenskapane ved tilsetting?
Det finnes lite forskning på området. Eg har difor valgt ei induktiv tilnærming; å gå frå empiri til teori. Sidan eg har spissa forskninga inn til kun å sjå på begrepet personlege eigenskaper, så har eg valt å triangulere for å få eit breidast mogeleg grunnlag å forstå fenomenet ut frå. Eg har brukt kvantitativ metode ved at eg analyserte stillingsannonser, og kvalitative metodar ved at eg var observatør på intervju og sjølv gjennomførte intervju med representative informantar.
Utgangspunktet for forskninga har vore min eigen arbeidsgjevar, Lørenskog kommune
Hovudfunn:
1. Det er liten grad av felles oppfatning av begrepet personlege eigenskaper i kommunen.
2. Det er lite variasjon i bruk av tilsettingsverktøy. I det vesentlege er det intervju som blir brukt og hovedsakleg det som kallast ustrukturt intervju
Beskrivelse
Masteroppgave ledelse - Universitetet i Agder 2016