Intonasjon i norsk som framandspråk : tyske studentars realisasjon av intonasjon i norsk
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/139411Utgivelsesdato
2012Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Dette er ei oppgåve som er skriven om intonasjon i norsk som framandspråk. Målet med oppgåva har vore å forsøka å seia noko om kva tyske studentar som studerer norsk ved eit tysk universitet, gjer intonasjonsmessig sett når dei snakkar norsk. Materialet som er analysert, består av lydopptak av 4 tyske studentar som les om lag 60 på førehand utarbeidde norske rammesetningar som inneheld ulike testord. I oppgåva har eg ved hjelp av tre forskingsspørsmål forsøkt å seia noko meir om intonasjonen til informantane:
1. Kva slags intonasjonskonturar produserer tyske studentar i møte med norsk?
2. Finst det nokon sams trekk ved intonasjonskonturane i materialet til den einskilde informanten eller på tvers av informantane?
3. Korleis samsvarar det dei gjer med det norske systemet slik det faktisk er?
Eg har nytta ein analyse som har teke utgangspunkt i AP-ar, aksentfrasar. Ein AP strekk seg frå ei hovudtrykkstaving fram til neste hovudtrykkstaving. Ved å ta utgangspunkt i ein analyse basert på ei inndeling i AP-ar, var eg ute etter å få språklege storleikar som gjorde at eg kunne samanlikna likt med likt.
I arbeidet med denne oppgåva fann eg at det er skilnad på kva slags intonasjonskonturar informantane produserer (L*H-, H*L-,L*HL-,H*LH- og flate konturar), og at det kan vera ulike årsaker til variasjonen i intonasjonen til informantane. Vidare fann eg tendensar i den einskilde informanten sitt materiale, samstundes som eg fann tendensar i materialet på tvers av informantane. Eit viktig funn var at det som skjer i intonasjonen hjå informantane ofte må studerast på ytringsplan og ikkje berre på AP-plan. Dette gjeld særleg i møte med dei flate konturane.
Det er vanskeleg å seia korleis det informantane gjer, korresponderer med det norske systemet slik det er, men trekk ved intonasjonen til informantane gjer at me assosierer dei med trekk frå vestnorsk/ nordnorsk eller austnorsk.
Eg har i denne oppgåva teke for meg eit fagfelt som ikkje er særleg utforska. Arbeidet er på den måten eit nybrotsarbeid, og kan nok til tider kanskje bera preg av dette. Likevel er det eit arbeid som eg meiner har synt interessante funn ved intonasjon i norsk som framandspråk, og peika på visse teoretiske utfordringar i møte med eit slikt materiale.
Beskrivelse
Masteroppgave i nordisk språk og litteratur- Universitetet i Agder, 2012