Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorNielsen, Grace Elisabeth
dc.date.accessioned2012-11-09T09:27:42Z
dc.date.available2012-11-09T09:27:42Z
dc.date.issued2012
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/139401
dc.descriptionMasteroppgave i nordisk språk og litteratur- Universitetet i Agder, 2012no_NO
dc.description.abstractFormålet med masteroppgåva har vore å rette merksemda mot identitetsproblematikken i Bente Clods bøker Englekraft (2000), I vilden sky (2001) og Himmelfald (2002). Hovudfokuset i oppgåva er identitetsutviklinga til eg-forteljaren Mathilde Jensen, (TaberThilde). Tematikken i romanen handlar om problematikk som er assosiert med ungdomsopprør, lausriving og prosessen med ”å finne seg sjølv”. I seinmoderniteten blir mange av banda til fortida kutta og sambandet mellom individet og heimen blir svakare. Individet må i større grad enn før velje identitet uavhengig av tradisjonelle og kulturelle mønster. Ein vesentleg del av livet til ungdommen er å skaffe seg erfaringar i samspel med andre. I denne prosessen må ungdom finne nye vegar som er normberande for å skape eit eige livsrom, noko som igjen kan føre dei til sjølvstende og ein avgrensa identitet. Eg har valt å belyse identitet ut frå ein sosialkonstruktivistisk ståstad. I denne tradisjonen står sosiologane Anthony Giddens og Thomas Ziehe sentralt i nordisk samanheng. Eg har òg valt å bruke teori frå språkforskaren Brit Mæhlum fordi eg synest ho gir eit alternativt syn på identitet. Desse forskarane står som sentrale teoretikarar i oppgåva mi. For å vise det særeigne ved identitetstematikken i Clods romanar har eg valt å synleggjere tre sjangertradisjonar som eg meiner kan sporast i trilogien: københavnarromanen, kjærleiksromanen og kunstnarromanen. Kvar av desse sjangertradisjonane gir nokre spesielle moglegheiter til å behandle identitetsproblematikken kunstnarleg, og det vil eg prøve å vise i analysen. Masteroppgåva består av seks delar. Først ei innleiing, deretter eit kapittel som tek for seg forholdet mellom ungdom og identitetsdanning. Så følgjer tre analysekapittel med vekt på dei tre ovannemnde sjangertradisjonane. Kapitel seks tek for seg identitet og nokre karakteristiske trekk ved trilogien. Til slutt kjem ei avslutning som inneheld ei oppsummering og ein konklusjon.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.publisherUniversitetet i Agder; University of Agderno_NO
dc.subject.classificationNO 500
dc.titleFrå gata til scenen : identitetsdanning i Bente Clods Englekraft-trilogino_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Literary disciplines: 040::Nordic literature: 042no_NO
dc.source.pagenumber86 s.no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel