Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorWestad, Irene Lohne
dc.date.accessioned2011-09-14T12:14:17Z
dc.date.available2011-09-14T12:14:17Z
dc.date.issued2011
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/139389
dc.descriptionMasteroppgave i nordisk språk og litteratur- Universitetet i Agder 2011en_US
dc.description.abstractEg vart merksam ein plakat i gangen på universitetet som meldte at "ALLMENNE LÆRER BØKER SELGES", og han starta det som no er blitt til denne avhandlinga. Eg fatta interesse for allmennlærarstudentar og lurte på korleis det stod til med rettskrivinga hjå framtidige lærarar. Kan hende feilskrivinga i overskrifta på plakaten meldte kvifor bøkene skulle seljast? Gjennom ein empirisk studie har eg freista å danne eit bilete av kor godt eit utval på 34 studentar frå to klassar på allmennlærarstudiet ved Universitetet i Agder meistrar rettskrivingsnormer i båe målformer. Eg har undersøkt 68 tekster, som desse studentane har skrive. Kvar student har skrive ei tekst på sitt tidlegare hovudmål og ei tekst på det som har vore sidemålet. I allmennlærarstudiet er det båe målformer som gjeld, utan nivåskilnad. Gjennom analyse av desse tekstene håpa eg å kunne svare på hovudproblemstillinga for avhandlinga, som er; Kor godt meistrar eit utval allmennlærarstudentar ved Universitetet i Agder rettskrivingsnormer i båe målformer? I analysen av tekstene har eg retta fokus på to ulike feiltypar: Særskriving og samansetjing (i båe målformer, feiltype 1) og avvik i bøyingsmorfemet i substantiv (i nynorsk, feiltype 2). Funna i tekstene er kvantifiserte og gjort om til talfesta storleikar. Desse vert drøfta og presenterte i tabellar i avhandlinga. Avhandlinga er teoretisk plassert i ei forlenging av språkhistoria innan båe målformer. Det er dei fastsette språknormene i dag som er sentrale, og vona er at dei to feiltypane vil kunne gje eit bilete av om desse studentane har internalisert dei fastsette normene og kor godt dei meistrar dei. Vidare høyrer avhandlinga heime under det overordna omgrepet språkstyring. Under språkstyringa er det i denne samanhengen særleg språknormering og språkrøkt som er viktig. Interessene til lesaren er i fokus, og perspektivet til framtidige elevar vert òg sentralt. Hovudfunna i avhandlinga er desse: - Det er stor variasjon i kor godt dei 34 allmennlærarstudentane meistrar rettskrivingsnormene. - Det er flest avvikande særskrivingar og samansetjingar i tekstene på hovudmålet til informantane. - Det er få samansetjingsavvik i tekstene. Det er ingen klar samanheng mellom avvikande særskrivingar og avvikande samansetjingar. - Det er mange fleire avvik i feiltype 2 (substantivsbøying) enn i feiltype 1 (særskriving og samansetjing), men det er likevel ingen klar samanheng mellom mengda på avvik i feiltype 1 og feiltype 2 hjå dei enkelte informantane. - Alle informantane hadde registrerte avvik innan substantivsbøyinga på nynorsk.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherUniversitetet i Agder; University of Agderen_US
dc.subject.classificationNO 500
dc.titleEr sær skriving ny norsk? : ei samanlikning av allmennlærarstudentar si rettskriving i båe målformeren_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Linguistics: 010::Nordic languages: 018en_US
dc.source.pagenumber155 s.en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel