Når preposisjonar erstattar kasus : om preposisjonsobjekt (objektsadverbial) frå norrønt til moderne norsk
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/139351Utgivelsesdato
2006Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Dette arbeidet har to hovuddelar. Den første delen er ei valensundersøking. Formålet med
denne undersøkinga er å finne ut kva for valens verb som i moderne norsk krev
preposisjonsobjekt, hadde på det norrøne språksteget. Den andre hovuddelen er ein analyse av
preposisjonsobjekt i moderne norsk, med grunnlag i det teoretiske rammeverket i arbeidet,
Lexicase Dependency Grammar (Starosta 1988).
Sentrale prinsipp i Lexicase Dependency Grammar (LCDG) blir presenterte i kap. 2. I
dette kapittel blir også metodiske spørsmål i samband med valensundersøkinga diskuterte, og
korpusa som dannar grunnlag for undersøkingane, blir presenterte.
Valensundersøkinga er tema for kap. 3. Hovudhypotesen for undersøkinga er at
preposisjonsobjekt er mindre utbreidde i norrønt enn i moderne norsk, sidan morfologisk
kasus i norrønt kan uttrykke det same som preposisjonane i preposisjonsobjekta gjer i
moderne norsk. Grunnlaget for analysane er 50 verbpar, med eitt verb frå det norrøne og eitt
verb frå det moderne norske språksteget. Verba i dei ulike para er leksikalsk nærskylde.
Analysen av verbpara syner at hovudhypotesen blir styrkt. 51,2 % av dei norrøne verba har
nominalt komplement som einaste eller muleg alternativ, der dette ikkje er muleg i moderne
norsk. Dette blir sett i samanheng med tap av dei semantisk markerte kasusformene dativ og
genitiv ved kasusmarkering av verbkomplement frå det norrøne til det moderne norske
språksteget. I moderne norsk er preposisjonar einaste mulege form for slik semantisk markert
kasusmarkering. Ein annan viktig faktor ser ut til å vere at dei norrøne verba med nominale
komplement syner låg grad av semantisk transitivitet, og divalente verb med
preposisjonsobjekt i moderne norsk er intransitive verb.
I kap. 4 blir preposisjonsobjekt i moderne norsk analyserte med utgangspunkt i
LCDG-modellen. Det blir lagt vekt på å avgrense valensen til verb med preposisjonsobjekt frå
tilgrensande underklasser av verb. Ein del sentrale syntaktiske og semantisk-funksjonelle
eigenskapar ved denne komplementstypen blir diskuterte, og det blir konkludert med at det
syntaktisk sett ser ut til å vere grunnlag for å klassifisere preposisjonsobjekt som ein type
adverbial, og ikkje som ein type objekt.
Beskrivelse
Masteroppgave i Nordisk språk og litteratur 2006 - Høgskolen i Agder, Kristiansand
Utgiver
Høgskolen i AgderAgder University College