Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorTonheim, Odd Helge M.
dc.date.accessioned2007-10-09T07:48:43Z
dc.date.issued2006
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/138074
dc.descriptionMasteroppgave i matematikkdidaktikk 2006 - Høgskolen i Agder, Kristiansanden
dc.description.abstractLCM-prosjektet er eit fleirårig prosjekt i regi av Høgskulen i Agder. Prosjektet har støtte frå Noregs Forskingsråd innan KUL-programmet (Kunnskap, utdanning og læring). LCM står for Learning Communities in Mathematics, altså læringsfelleskap i matematikk. Eit mål bak prosjektet er å få meir kunnskap om matematikkundervising og læring. Difor er spørsmåla som vert stilt innan prosjektet og undersøkingar som vert gjort retta mot aktivitetar i klasserommet. Det vert lagt vekt på spørjande og undersøkande læringsfelleskap i matematikk. Nokre av prinsippa bak slike læringsfelleskap er: *Felleskap, altså ei sosial gruppe der gjensidig tillit respekt og ein støttande struktur gjer kvar enkelt i stand til å utvikle seg. *"Inquiry", ein tenkemåte som gjer at ein utvikler ny og djupare foståing av praksis når ein kan reflektera og stille spørsmål ved den praksisen ein er engasjert i. For å kartleggja kunnskapane til elevane vart det hausten 2004 gjennomført matematiske testar på dei aktuelle klassestega (4., 7., og 9. klasse i grunnskulen og 1. klasse i videregåande). Tema som testane omhandlar er Tal og algebra for alle fire klassene, og i tillegg vart dei to lågaste klassene også testa i Geometri og statistikk. Testane er tilpassa det aktuelle klassesteget og testar sentrale kunnskaper i høve til L-97. Dei same elevane som deltok i testrunde ein, gjennomførte våren 2005 ein ny testrunde. Det var dei same testane som vart nytta begge gonger. Masteroppgåva mi går i hovudsak ut på å analysera testrunden i 2005 og samanlikna resultata med testrunden i 2004. Temaet for oppgåva er elevar si utvikling i matematikk og problemstillinga er: *På kva måte kan resultata frå skriftlege testar gje verdifull informasjon om elevar si utvikling i matematikk i løpet av eit år? *Kva utvikling gjennomgår elevane sine kunnskaper i løpet av eit skuleår? Analysen vert delt opp i to hovuddelar, nemleg analyse av testane som ein heilskap og analyse av enkeltoppgåver. Hovudfokuset i oppgåva vil vera elevar si utvikling i matematikk og elevar sine misoppfatningar i matematikk. Nokre av resultata frå studien kan veldig kort oppsummerast slik: For å studera elevar si utvikling i matematikk, er det avgjerande at testane som vert nytta, er spesielt tilpassa formålet, og at testane er tilpassa til elevane. Det er vidare klart at lærarane kan få mykje verdifull informasjon om elevane sine kunnskaper ved bruk av slike testar. Skriftlege testar i kombinasjon med elevintervju er ein verdifull metode for å nå fram til djupare innsikt i elevar sine kunnskapar. Dette burde også nyttast i tilrettelegging av undervisning. Ein grunn til at dette ikkje vert gjort, kan vera at det verkar tidkrevjande, men resultatet her tyder på at eit elevintervju i etterkant av ein test ikkje treng å ta lang tid. Eit anna resultat er at det kan verka som om den forskinga som vert gjort, ikkje når inn i skulen. Mellom anna ser ein at elevane framleis slit med mange av dei samme misoppfatningane som KIM-prosjektet har satt fokus på. Det er viktig at alle elevar får høve til å visa si eiga utvikling, då alle alle elevar ikkje utviklar seg likt. Vidare har eg sett nærmare på elevar si utvikling med tanke på ulike enkeltoppgåver, og på om elevene sleit med mange av dei same misoppfatningane i den andre testrunden som dei gjorde i den fyrste testrunden.en
dc.format.extent17663682 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.languagenno
dc.publisherHøgskolen i Agder
dc.publisherAgder University College
dc.subject.classificationMA500
dc.subject.classificationMA502
dc.titleInnsikt i elevar si utvikling i matematikk gjennom eit skuleår : skriftlege testaren
dc.typeMaster thesisen
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Fagdidaktikk: 283
dc.subject.nsiVDP::Matematikk og naturvitenskap: 400::Matematikk: 410


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel