dc.description.abstract | Masteroppgåva inneheld informasjon om songstudentar sitt forhold til pust. Den er
metodisk sentrert rundt ei spørjeundersøking blant studentar ved Universitetet i
Agder, institutt for klassisk musikk og musikkpedagogikk, januar 2015. Funna i
denne undersøkinga er basert på kva studentane trur dei kan, det dei opplever og det
dei tenker om pust. Målgruppa er svært avgrensa, og undersøkinga dannar ikkje eit
vitskapleg grunnlag for generelle påstandar. I oppgåva er det samla ulike kjelder til
kunnskap om songpust, og retta eit søkelys på songstudentar sitt forhold til dette
viktige emnet. Eigne erfaringar, samt forsking, anatomi og fysiologi er brukt i
refleksjonen rundt funna i undersøkinga. Fleire emne relatert til songpust er
presentert. Respirasjon verkar ved trykkutlikning, og hentar luft ned til lungene som
ligg i brysthola. Pust i songutøving er påverka av muskelkontraksjon og haldning i
stor grad. Dei ulike musklane har ulike eigenskapar, og det er avgjerande å
differensiere bruken av dei. Det er viktig å skilje tonus, spenning og kontraksjon.
Dynamisk muskelarbeid er mykje mindre slitande enn statisk. Muskulatur som spelar
ei rolle i songpust er mellom anna diafragma, mm. intercostalis, m. transversus
abdominis, m. obliquus, m. serratus, m. psoas. Eit klart formål med oppgåva er å vise
at god kunnskap om kropp og medisinsk terminologi kan gjere ein betre i stand til å
forstå fysiske element i song, og vere ei hjelp i utøving. | nb_NO |