Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorPaulsen, Anne Kristin
dc.date.accessioned2012-01-30T09:39:28Z
dc.date.available2012-01-30T09:39:28Z
dc.date.issued2011
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/138589
dc.descriptionMasteroppgave i helse- og sosialinformatikk HSI500 2011 – Universitetet i Agder, Grimstadno_NO
dc.description.abstractI 2008 publiserte Norsk Senter for Elektronisk Pasientjournal (NSEP) ein rapport som viste at alle helseføretak i Noreg har skaffa EPJ (elektronisk pasientjournal) og at innføringa nærmar seg å bli fullført i spesialisthelsetenesta. I Helse Bergen skifta ein våren 2010 ut eksisterande EPJ og PAS (pasientadministrativt system) med eit nytt system, DIPS. Systemet har som mål å skulle fungere som verktøy for å understøtte effektive arbeidsprosessar og pasientbehandlingi helseføretaket. Ulike studiar påpeikar at det er ein del utfordringar knytt til innføring av informasjons- teknologi i helsevesenet og meiner at systemdesignarane har vore meir opptatt av teknologien i seg sjølv, enn klinikaranes faktiske behov. EPJ vert ofte rekna som navet i informasjons- systema på sjukehusa. Generelt kan det verke som om utviklinga av EPJ-systema i stor grad har vore teknologidrivne, og motiva hovudsakleg har vore å ta ut rasjonalitetsgevinstar i forhold til rutinearbeid, medan kanskje det største og minst utnytta potensialet til EPJ-system heller er kvalitetsforbetring av tenestene. Denne studien er gjennomført som ein kvalitativ studie kor det er gjennomført fem intervju med legar og merkantile i Helse Bergen. Gjennom problemformuleringsprosessen og resultata frå intervjua, følgjer ein brukarane gjennom ein prosess frå før oppstarten av nytt EPJ til omlag 10 månader med bruk av systemet. Fokuset på oppgåva er særskilt å sjå på korleis brukarane sine erfaringar etter innføringa har påverka korleis dei ser på nytteeffektane av systemet. Resultata frå undersøkinga blir drøfta opp mot teori for endringsprosessar, IT-adopsjon og korleis teknologi, oppgåve og individ heng saman (”FIT”). Hensikta er at desse ulike teoriane må sjåast i samanheng for å kunne forstå kva som påverkar den opplevde nytteeffekten for brukarane etter eit slikt innføringsprosjekt. Resultata viser at brukarane var gjennom ein til dels krevjande periode i etterkant av systemskiftet, og mykje vert skulda opplæringa som blei gjeven i forkant. Vidare viser det at tiltak som blei sett i verk gjorde at dei kom seg over denne kneika. Eit av tiltaka som vart særskilt framheva er støtte frå leiinga. Ti månader etter oppstart verkar brukarane stort sett nøgde og ser fleire fordelar enn ulemper med det nye systemet. No er dei klare for å lære meir og være med på å utnytte og vidareutvikle systemet slik at systemet vert opplevd som nettopp eit verktøy for å understøtte effektive arbeidsprosessar og pasientbehandling.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.publisherUniversitetet i Agder / University of Agderno_NO
dc.title"Nytt elektronisk pasientjournal system - korleis påverkar erfaring etter innføring den opplevde nytteeffekten?"no_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.source.pagenumber82 [5]no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel