Dansk ambisjon, norsk reservasjon?
Abstract
Kva diskursar og ideologiar har vore dominerande i førearbeida til Noreg og Danmark si klimalovgiving, og kva følgjer har dette hatt for lovverket? Spørsmålet dannar utgangspunktet for avhandlinga. Arbeidet har hatt føremål om å rette søkelyset mot korleis maktstrukturar etablerast og endrast gjennom språk og sosial praksis. Studien omhandlar den norske og danske innsatsen for å oppfylle nasjonale forpliktingar etter Parisavtalen. For å utforske problemstillinga analyserer avhandling begge land sine lovførearbeid. Norman Fairclough sin kritiske diskursanalyse vert brukt som metode. Metoden har som føremål å rette eit kritisk blitt mot korleis språk nyttast i sosiale samanhengar for å oppretthalde og endre på maktstrukturane som utgjer den røynda vi er del av.
Gjennom standardiserte forskingsspørsmål vert fire diskursive retningar identifisert i kvart av dei to førearbeida. Analysen ser nærare på den diskursive kampen mellom retningane og korleis dominans vert etablert i diskursordenen. Analysen av det norske førearbeidet viser at omsynet til norsk økonomi og næringslivet si konkurransekraft har fått ein dominerande posisjon i møtet med diskursar for økologisk vern, styring og solidaritet. Analysen av det danske førearbeidet viser at diskursane for økologisk vern, solidaritet og sterk styring er dominerande, medan økonomi utgjer eit balanserande sideomsyn.
Ved samanlikning av utvalde moment frå dei respektive lovverka granskast desse i lys av hovudfunna frå diskursanalysen. Resultatet viser tydeleg samanheng mellom diskursordenen som vart avdekka i førearbeida og ordlyden i lovteksten. Med den følgje at landa møter forpliktingane frå Parisavtalen ulikt. Danmark viser ambisjon og sterk styring, medan Noreg viser reservasjon og fleksible løysingar.