"Når jeg leser ei veldig god bok faller jeg liksom inn" : Ei kvalitativ undersøking om elevars estetiske oppleving av skjønnlitteratur og film
Abstract
Denne masteroppgåva handlar om pedagogisk bruk av multimodale tekstar, og korleis elevar kan få estetiske opplevingar av, og interesse for, slike tekstar. Undersøkinga gjekk ut på å finne ut korleis elevar på 6. og 7. trinn, kunne få estetiske opplevingar av å lese romanen Keeperen til Tunisia (2002), skrive av Lars Mæhle, sjå filmen Keeper’n til Liverpool (2010), regissert av Arild Andresen, og om dette kunne ha innverknad på deira interesse for skjønnlitteratur og film. I denne masteroppgåva, var eg ute etter å få ei detaljert og rik skildring av det eg undersøkte, det var altså formålstenleg å nytte ein kvalitativ forskingsmetode. Elevane fekk utdelt leselogg, teikneoppgåve og skriveoppgåve, og undersøkinga blei avslutta med gruppeintervju. Til saman blei oppgåvene og intervjuet ein adaptasjonsanalyse av romanen og filmen.
I Kunnskapsløftet (2013) blir det poengtert at norskfaget bygger på eit utvida tekstomgrep, noko som inneber at vi har å gjere med munnlege, skriftlege og samansette tekstar, der skrift, lyd og bilde spelar saman i meiningsskapinga. Det er sentralt at elevane lærer å orientere seg i dette tekstmangfaldet, og at norskfaget fremjar oppleving og refleksjon (Utdanningsdirektoratet, 2013). I denne masteroppgåva har eg tatt utgangspunkt i eit utvida tekstomgrep, sett ut ifrå eit sosialsemiotisk perspektiv. Oppgåvene eg utvikla, og spørsmåla elevane diskuterte i intervjuet, tar utgangspunkt i nokre av kompetansemåla etter 7. årstrinn.
Funna eg har gjort i denne masteroppgåva, viser at elevane var spesielt opptatt av å finne både det som var likt, og det som var ulikt, ved romanen og filmen. Adaptasjonsanalysen gir elevane ei djupare forståing for romanen og filmen kvar for seg, og det heilskaplege inntrykket desse tekstane gir til saman. Elevane fekk sjølve delta i adaptasjonsprosessen, der dei adapterte innhaldet i romanen til teikneserie, og innhaldet i filmen til personleg brev, ein prosess dei også reflekterte over i intervjuet. Dei nyttar ulike måtar å uttrykke meining, gjennom skrift, bilde og munnleg tale. Ved å kombinere dei sanselege uttrykka i romanen og filmen, kan elevane innsjå at desse tekstane kommuniserer med dei på ein annan måte enn det kvardagslege verbalspråket gjer. Den estetiske opplevinga ligg i det å forstå at desse tekstane framstiller ein oppdikta røyndom, gjennom poetisk språk og fiksjon, som nettopp er forskjellig ifrå måtar vi kommuniserer på i kvardagen. Måten elevane svarer utfyllande og viser engasjement for å arbeide med ulike oppgåver og spørsmål, knytt til romanen Keeperen til Tunisia og filmen Keeper’n til Liverpool, på denne måten, tyder på at undervisningsopplegget har hatt innverknad på deira interesse for skjønnlitteratur og spelefilm.
Description
Masteroppgave grunnskolelærerutdanning trinn 1-7 NO502 - Universitetet i Agder 2017