Selektiv mutisme og "Det usynlige barnet" av Tove Jansson: ei deduktiv tematisk analyse av Janssons (1962/2022) novelle, med utgangspunkt i tilrådde metodar og tilnærmingsmåtar i møte med barn med selektiv mutisme i skulen.
Abstract
SAMANDRAGSelektiv mutisme og "Det usynlige barnet" av Tove Jansson: ei deduktiv tematisk analyse av Janssons (1962/2022) novelle, med utgangspunkt i tilrådde metodar og tilnærmingsmåtar i møte med barn med selektiv mutisme i skulen.
BakgrunnSelektiv mutisme (SM) er ein diagnose som beskriv barn som konsekvent unngår å tala i spesifikke settingar, utan at dette handlar om at barnet har spesifikke språkvanskar eller fysiologiske utfordringar knytt til å uttrykkja seg verbalt (Lundahl et al., 2021, s. 6). Det er ein relativt sjeldan tilstand (Muris & Ollendick, 2015) som ber preg av komorbiditet (Dogru et al., 2023) og lærarar får ikkje nødvendigvis den hjelpa dei treng gjennom hjelpeapparata, som PPT, fordi fagpersonane i PPT ikkje treff på barn med SM ofte nok til å byggja opp dugeleg kompetanse på området (Omdal, 2016, s. 60).
Formål og problemstillingFormålet med denne studien kjem tydeleg fram i problemstillinga: Kva for likskapar og ulikskapar finst mellom Mummimamma si tilnærming til Ninni og dei andre barna, og det forsking tilrår lærarar å gjera i møte med barn med selektiv mutisme? Forskingsspørsmåla ivaretek den overordna tematikken, samt eit visst fokus på bruka av fantastisk litteratur som eit verktøy i undervisning der denne problematikken er relevant.
Metode Med utgangspunkt i teori og forsking om hensiktsmessige tilnærmingsmåtar og metodar i møte med barn med SM, har eg valt å gjera ei deduktiv tematisk analyse av novella "Det usynlige barnet" av Tove Jansson (1962/2022), der denne novella fungerer som ei case, og som det utvalde datamaterialet. I drøftinga av analysen viser eg til sitat frå novella, teori og eigne refleksjonar. Gjennom arbeidsprosessen har validitet, reliabilitet og etiske vurderingar vore viktige komponentar. Spesielt truverdet til resultatet av analysen vert underbygd gjennom dei strukturerte stega i analyseprosessen.
ResultatIkkje alt Mummimamma gjer liknar på det forsking tilrår, men eg fann likevel ei generell overvekt av likskapar mellom Mummimamma sin tilnærming til Ninni og dei andre barna, og det forsking tilrår lærarar å gjera i møte med barn med SM. Overvekta av likskapar styrkjer tanken om at novella innehar potensiale til å fungera som ein ressurs i det mangesidige arbeidet lærarar har i møte med elevar som har SM.