Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorTenningen, Sigurd
dc.contributor.authorKleven, Lene
dc.date.accessioned2024-01-06T17:23:26Z
dc.date.available2024-01-06T17:23:26Z
dc.date.issued2023
dc.identifierno.uia:inspera:177887321:97935976
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3110250
dc.description.abstractDenne oppgåva er ein lesnad av Jon Fosses romansyklus Septologien (2019 – 2021) i ljos av teoriar om det sublime. Oppgåva er todelt; ein teoridel som førebels definerer kva som ligg i omgrepet om det sublime, og ein analysedel som anslår korleis det sublime framtrer i primærteksten. Det teoretiske rammeverket består av estetisk-filosofisk teori gjennom namn som Edmund Burke, Immanuel Kant og Jean-François Lyotard. Lesnaden som ligg til grunn for analysen er gjord med mykje innleving og engasjement, og dessutan med ein stor tillit til teksten, inspirert av Rita Felskis postkritikk. Hovudtesen til oppgåva er at ein lesnad av Fosses tekst med det sublime som rettesnor vil forklare min og kanskje andre sin fascinasjonen for teksten. Septologien inviterer til bruk av estetiske kategoriar gjennom sitt metaestetiske perspektiv. Primærteksten, ein kunstmålars refleksjonar om liv og levnad påkallar eit sansenært vokabular. Dei estetiske teoriane, sjølv om dei verka litt utilgjengeleg til å byrje med, viste seg å setje dekkjande og nokre gonger overraskande presise ord på akkurat dei sidene ved teksten som fascinerte meg mest. Det er openbert for meg, etter arbeidet med denne teksten at det sublime er eit fruktbart og veldig spennande omgrep å jobbe med i utforsking av litteratur. Det opnar opp for utvida tankesprang gjennom tilhøyra til det grenseoverskridande. Arbeidet med oppgåva har også lært meg at dette omgrepet kanskje treng ei revitalisering. Eg anar at mykje av det som ligg i omgrepet om det sublime ser ut til å svare på eit behov i litteraturvitskapen. Eit behov for ein veg tilbake til leseglede og engasjement på den eine sida og eit behov for å sjå litteraturen som tilstrekkeleg i seg sjølv, på den andre sida. Arbeidet med oppgåva har også lært meg at både den som skaper og dei som får nyte den sublime kunsten er, om enn til ulik tid, på same stad i tankane. Det gir meg håp at slike felles arenaer finst, midt i ei verd dominert av krig, ekkokammer og kunstig intelligens.
dc.description.abstract
dc.language
dc.publisherUniversity of Agder
dc.titleSubjektivt allmenngyldig. Ei lesing av Jon Fosses Septologien i ljos av det sublime
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel