Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorHennig, Reinhard
dc.contributor.authorEdland, Ingebjørg Nestestog
dc.date.accessioned2024-01-02T17:23:33Z
dc.date.available2024-01-02T17:23:33Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.uia:inspera:110007194:23012214
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3109415
dc.description.abstractMe lev i ei tid der mykje av samfunnsdebatten er prega av spørsmål knytt til klima- og miljøutfordringar. Mykje skjønnlitteratur i dag tematiserer korleis me kan opptre betre i møte med natur, og kva som skjer dersom me ikkje endrar åtferd. I denne oppgåva undersøker eg den nynorske diktaren Aslaug Vaa frå eit økokritisk perspektiv, med fokus på forhold mellom menneske og ikkje-menneskeleg natur i «Romet» (1954), «Eg» (1947) og «Moreld» (1947). Målet er å særleg finne ut kva tyding stadar i dikta har frå eit økokritisk perspektiv, korleis den ikkje-menneskelege naturen har handlekraft i dikta, og korleis dette kan relaterast til «poetisk tenking». For å gjere dette har eg fordjupa meg i økokritikk, der eg blant anna har henta teori frå Greg Garrard, Jonathan Bate og Jenna Coughlin. Som ei innføring i Vaa vel eg å ta med tidlegare lesingar av ho opp mot postmodernisme, feministisk vitalisme og økokritikk, for å vise korleis mi oppgåve byggjer på dette, samt tradisjonane pastoral, romantikk og folkedikting. I oppgåva viser eg korleis stadar med sine årstider, vêr og tid på døgnet, legg særleg til rette for «poetisk tenking», og at naturens handlekraft er synleg på fleire vis i desse dikta. Den endelege konklusjonen går på at menneska i desse dikta står i uløyseleg samband med omgjevnadane, og den poetiske tenkinga styrast av korleis den ikkje-menneskelege naturen i omgjevnadane reagerer eller har moglegheit til å kommunisere med menneske. Målet er også å utvide vår forståing for korleis naturen kan kommunisere i dikt.
dc.description.abstract
dc.language
dc.publisherUniversity of Agder
dc.title"Ein mann sto på vidda mælte skuggen sin": Ei økokritisk lesing av forholdet mellom menneske og ikkje-menneskeleg natur i eit utval dikt av Aslaug Vaa
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel