Myte og menneske Mytisk setting og individuasjon i Kristine Toftes Song for Eirabu I-II
Abstract
I min analyse av Kristine Toftes Song for Eirabu; Slaget på Vigrid og Vargtid har eg sett nærare på setting og personframstilling i eit storstilt mytisk-eventyrleg romanverk. Karakteristisk for mytisk-eventyrleg litteratur er at handlinga er lagt til eit sekundært univers – og dette finn vi også her, i det norrøninspirerte Eirabu. Eg har hatt fokus på korleis dette sekundære universet er framstilt i bøkene og korleis litterære figurar orienterer og utviklar seg i verda.
Det har vore viktig for meg å vise korleis Eirabu-universet har ein samanheng, korleis einskilddelar er integrert i ein større heilskap. Og dette er spegla i hermeneutisk tilnærming som den overordna metoden i analysen. I analysen har eg tatt for meg samfunnet og landskapet i Eirabu som både konkret form og mindscape. Eg har gått inn på mytologien, på den rolla naturen speler, og korleis forholdet til det religiøse synest å vere influert av nypaganisme. For å få eit nærvær i teksten som balanser dei abstrakte mytiske førestillingane, har eg hatt eit fokus på korleis dei tre jentene som er hovudpersonane, orienterer og utviklar seg i dette universet, deira individuasjon.
For å kunne gå nærare inn i dei ulike elementa, er analysen ein møteplass for fleire fagområde. I tillegg til litteraturvitskapen har eg henta inspirasjon frå psykologi og religionsvitskap. Innan psykologien har eg nytta meg av arketypeteorien til Carl Gustav Jung. Innan religionsvitskapen har det vore naudsynt å relatere til nyreligiøse retningar, særleg nypaganisme.
Ved sida av at Eirabu-bøkene har ein engasjerande psykologisk og åndeleg/ eksistensiell tematikk, er dei interessante ved at dei uttrykkjer eit økologisk medvit. Kvar minste ting i verda har sin plass i den store livsheilskapen, og ein må vere audmjuk overfor den samanhengen som finst mellom alt liv.
Description
Masteroppgave nordisk språk og litteratur- Universitetet i Agder, 2015