Segmentasjon eller motivert epentese? Om overgangen ll > dl i vestnorsk
Peer reviewed, Journal article
Published version
View/ Open
Date
2019Metadata
Show full item recordCollections
Original version
Røsstad, R. (2019). Segmentasjon eller motivert epentese? Om overgangen ll > dl i vestnorsk. Maal og Minne, 111(1), 61-91.Abstract
Den vestnorske lydendringa ll > dl er rekna for å vere ein ‘segmentasjon’ og står i eit uvisst forhold til overgangen rl (> ll) > dl, som tradisjonelt er rekna som ein ‘differensiasjon’. Lydendringane er forsøkt forklarte på ulike vis, og særleg problematisk synest ll > dl å vere. Forfattaren argumenterer for at det å sjå overgangen som ein ‘epentese’ er meir klargjerande ved at han blir sett på som resultat av koartikulasjon og såleis som ei fonetisk motivert lyden- dring. Vidare undersøker forfattaren om og korleis overgangane kan forkla- rast innanfor to teoretiske rammeverk som kombinerer fonetisk basis og kognisjon: artikulatorisk fonologi (representert ved Garmann 2010) og John J. Ohalas teori om hypokorreksjon og hyperkorreksjon. Konklusjonen er at desse teoriane ikkje gjev fullgode svar, og særleg utfordrande er det å beskrive den kognitive prosessen. Likevel synest dei to tilnærmingsmåtane som frukt- bare forsøk på å forstå korleis lydendringane oppstod.